Eit høgst personleg innlegg utan vitenskapeleg belegg:
Ideen til dette innlegget, fekk eg etter spørsmålet @Loveleenbrenna la ut på Twitter: Er det ulik tykkelse på glasstakene? Mitt svar var at der kanskje er ei takluke. Eg svarte også at det er viktig å sjå etter muligheter og ikkje hindringar. Det er ein generell leveregel som lett kan bli ein floskel.
Min bakgrunn er frå politikk, ulike styrer og eigar av tre bedrifter.
Vi er fem søstre, og min far har i heile vår oppvekst vore oppteken av å fortelje oss at vi hadde like mulighetar som alle andre. Som yngste søster tok eg valget om å overta familiebedrifta for 11 år sidan, 27 år gammal. Far meinte eg var klar og ville gjere ein god jobb. Det ga meg mot til å ta steget.
Som ung og nyutdanna meinte eg i min naivitet at kvinner og menn vart behandla likt. Eg trudde det var eit spørsmål om å vere dyktig nok. Heilt til eg skulle delta på salgskurs. Eg var einaste kvinne. Kurshaldaren opna og krydra kurset med stadige porno-vitsar. Eg stussa over dette, syntes det var merkeleg. Då han avslutta kurset med å dele ut slipsnål til alle deltakarar, var vegen kort til å skrive kommentarar på evalueringsskjemaet. Etter nokre dagar kom eit handkle i posten, med eit visittkort og hyggjeleg helsing. Bodskapen var motteken.
Dette blir eit ekstremt eksempel, og blir meir latterleg enn eksempel på glasstak. Men det seier noko om virkeligheten vi lever i. Slike eksempel seier også noko om ei haldning som kan bli overført på andre arenaer. Ein gong vart eg valgt inn som varamedlem i eit råd. Rådet bestod berre av menn, alle andre vararepresentantane var menn, og i administrasjonen jobba det berre menn. Etter at eg var valgt, kvitra ein fugl til meg at dei frykta eg skulle bli kalla inn til møte. Då kunne dei ikkje gå på strippeklubb, noko dei brukte å gjere i samband med desse rådsmøta.
Sjølvsagt vart eg aldri kalla inn. Var der noko takluke? Nei. Kanskje burde eg ha sagt frå høgt og tydeleg i offentlighet. Men for å vere ærleg, desse karane gadd eg ikkje å bruke tid saman med. Den kampen ville kosta meir enn den smakte.
Istadenfor har eg funne andre arenaer, og det gjer at eg meiner det er viktig å fokusere på taklukene. Heldigvis er det ikkje mange menn som dei i rådet. Eg trur deira avvisning handla om at dei var redde for at eg skulle øydelegge kulturen dei hadde på sine møter. Hvis eg ville ha innynda meg, kunne eg ha overbevist dei om at eg ikkje hadde noko i mot strippeklubbar. Men det har eg, og eg kunne ikkje gå på akkord med meg sjølv. Heldigvis kunne eg velje det vekk, utan at det ga store konsekvensar.
For å få innpass og bryte glasstaket, handlar det mykje om å forstå og delta i kulturen. I nokre tilfelle er det å følgje med på fotballresultat og sjå nokre kampar. I andre samanhengar kan det vere skiturar og puddermengde. Dette er viktig for å skape eit fellesskap, utan at ein skal gå på akkord med seg sjølv. Det er viktig fordi ein må snakke godt saman i pausar, under middagen osv. Å vise at ein ønskjer å vere ein del av kulturen, er ei takluke. Det dummaste ein gjer er å stille seg i ein krok og snakke med andre damer om at ein ikkje får innpass.
Dette forutsetter at miljøet og kulturen er noko du ønskjer å vere ein del av.
For nokre år tilbake var eg med i Fyrtårn-programmet til Innovasjon Norge. 26 kvinnelege eigarar og leiarar frå heile Norge hadde fleire samlingar i løpet av eitt år. Det var interessant, både positivt og negativt. Ein fare med slike kvinnesamlingar kan vere at det blir for mykje fokus på glasstak og hindringar. Eg trur at ein gjer seg sjølv ei bjørneteneste med å fokusere for mykje på det.
Til slutt to råd:
1) Ikkje snakk for mykje med dei som har negative erfaringar. Snakk med dei som har posisjonar eller som har oppnådd noko du ønskjer. Spør kva dei har gjort og korleis dei fekk det til.
2) Lær om hersketeknikkar, som kan bli brukt bevisst eller ubevisst. Det er viktig for å lære om det språket som overgår alle andre språk; kroppsspråket.
Olin J
PS. I samband med dette innlegget har eg opna ein boks med tallause eksempel på hersketeknikkar frå menn. Det dreiar seg oftast om latterleggjering av meg som "sjef", som dei seier. Boksen opnar eg sjeldan. Eg blir så sur av det, heilt til eg til slutt bestemmer meg for å legge på lokket og le høgt og lenge. Det blir for dumt, og eg vil bruke minst muleg energi på negativ historie.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar