Som arbeidsgjevar høyrer eg ekstra godt etter i debattane om sjukefråvær. Debattane skuffar meg gong på gong.
Sjukefråvær blir debattert som om det er ei handling den sjukemeldte sjølv bestemmer. Dersom incentiva er sterke nok, så går ein heller på jobb. Den andre antagelsen i debatten er at sjukefråværet er arbeidsrelatert. Dersom arbeidsgjevaren får sterke nok incentiv til å få arbeidstakar tilbake i jobb, så vil ein klare det. For å seie det litt flåsete; ein kan mest få inntrykk av at dersom arbeidsgjevar jobbar med skjema og planar i HMS-arbeidet, så vil ikkje arbeidstakarar bli sjuke.
Sjukefråværet i Norge var i 2010 på 6 %. Dersom utvalet kun er bedrifter utan IA-avtale er det på 5,5 %. Samtidig er det kun snakk om at ein skal utvide og jobbe med å få fleire inn i IA-avtalar. Kvifor?
Då IA-avtala vart lansert, fekk vi i mi bedrift ei orientering frå NAV om kva den gjekk ut på. Både verneombod og eg som leiar syntes ikkje det var særleg nytenkande. I avtala var det formalisert det vi gjorde i praksis, samtidig som det medførte meir byråkrati og papirarbeid. Vi sa difor nei, til å gå inn på dette.
Det har eg aldri angra på. I fjor hadde vi 1,5 % sjukefråvær.
Sjølv om sjukefråværet er lågare i verksemder i bedrifter utan IA-avtale, meiner regjeringa og arbeidsministeren at det er enno fleire krav for formalisert oppfølgjing av sjukmeldte som skal hjelpe.
Vert det forska på kva verksemdene utan IA-avtale gjer, og som dei med IA-avtale ikkje gjer? Kva er grunnen til at verksemdene utan IA-avtale kjem betre ut på statistikkane? Dette bør vere heilt vesentleg å få svar på, og arbeidet med IA-avtala må evaluerast før ein pålegg arbeidsgjevarane enno fleire krav. Meir av ein medisin som ikkje fungerer, bør ikkje skrivast ut.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar