Eit blikk på fjorden, landet og verda. På nære og fjerne. På det vesentlege og uvesentlege. På stort og smått. På mitt og ditt. På engasjement, fellesskap og ideologi. Og så litt tant og fjas innimellom. Welcome!
torsdag 2. juni 2011
Fotballutstyr til Farao Village i Zambia
På bildet ser de Shangai, som held fotballdrakter G-sport Sandane og eg sponsa.
I oktober 2010 var eg på reise i Afrika, og hadde Shangai og Chris som guidar på ein spektakulær tur på Zambezi-elva. Desse to karane er engasjert i arbeid mot AIDS, organiserer fotball-lag og samlar inn pengar til og byggjer opp skular. Dei spør meg om å bidra, og det gjer eg gjerne. Skal eg vere ærleg, er det vel mest for å gje meg godt samvit. På reise i det som er klassifisert som U-land, ser eg levestandard som mine besteforeldre fortalte om her i Norge på 30-talet. Eg tenkjer på alle mulighetar som eg har, i motsetning til dei på min alder i f.eks Zambia. Då gjev det meg godt samvit å bidra med det vesle eg kan. Egoistisk, ja.
På reise i fattige land, slår det meg at dei er så mykje betre til å glede seg over det som vi karakteriserer som dei "små ting". For mange av dei er det ikkje noko problem å velje kva dei skal ha til middag. Det er ris og noko attåt - om dei er heldige. I ein slik kvardag er leik og moro ei glede i livet. Fotballbana har ikkje striper og 16-meter merke. Den er av tørr jord og litt gras. Likevel har dei stor glede av kampen og spelet.
Dei som karakteriserer fotballutstyr (med meir) til ein fattig landsby som naivt og feil prioritering, kan heller ta grep og sponse det som dei meiner ville vere riktig. Kanskje nokon vil vere med å sponse oppbygging av barneskule, eller AIDS-prosjekt? Mulighetane er mange. Med vår overveldande rikdom har vi ei plikt til å bidra, enten det er eit fadderbarn eller andre prosjekt vi finn meiningsfulle. Utfordringa er herved sendt vidare.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)


Kjenne meg godt igjen her..... Dette meinar eg er den beste måten å sponse unge i andre land på personleg. Som enkelt person kan ein gje så mykje meir glede ved å møte opp og gje dei noko utstyr som dei virkelig ønsker seg:) Då er ein i allefall sikker på at kvar ei krone ein gjev går til dei som treng det, og ikkje 90% til administrasjonskostnadar.... Dei 9000 kronene vi hadde med til Fiji sist, samla inn blant vennar og familie gjekk for å dekke 3 fulle kasser med bøker til ein lokal skule, og ein overlykkelig rektor som knapt kunne halde tårene tilbake....og ikkje minst fotballane frå G-sport som garantert oppdaterte og utvida gym utstyret på skulen. Det er slike personlege opplevingar som gledar hjertet, både vårt eige og dei som mottar gåva:) Til jul skal vi til Fiji igjen, og denne gongen er planen å besøke ein barneheim. Det er ikkje mange barneheimar på Fiji då det er mest vanleg at familiemedlemmar tek over barnet om noko skjer med foreldra. Desse barna har desverre mange triste historiar bak seg om kvifor dei er der, så vi ønsker å glede dei i kvardagen..... Så vi får sjå kva vi skal finne på i år:) Aller helst skulle eg gjerne ha adoptert alle sammen:)
SvarSlettKjempebra, Olin:-) Flott at de gir noko til dei som treng det aller mest. Det gjer eit sterkt inntrykk å møte slike skjebnar, enten det er på Fiji eller i Afrika.
SvarSlettVi på G-sport støttar gjerne med noko som glede dei på barneheimen. Det skulle berre mangle. Som du skriv, så er det kjekt når ein veit at det ikkje er pengar som går vekk til administrasjon. Og når vi er så heldige å ha folk som kan ta det med direkte til dei som treng det, så er vi med!