tirsdag 29. mars 2011

Om E39 og bru over Nordfjorden


Alle burde vere kvarandre nærast

Ein pompøs tittel, vil nokre meine. Og det er ein fare for å bli pompøs når ein skal løfte blikket, sjå visjonar og prøve å samle Sogn og Fjordane til eitt rike.  Avisa Firda meiner alle er seg sjølv nærast når det gjeld framtidig val av E39 trasè. Men eg undrast på kven Firda, som fylkets største avis, er nær. På leiarplass tek avisa til orde for at vegen ikkje skal gå i folkerike område der den kan ha samfunnsnytte. Målet er ein veg som skal bringe traileren frå Danmark til Trondheim så kjapt som muleg. Og kva nytte vegen gjer i Sogn og Fjordane skal ikkje bety noko.

Når eg reiser rundt i fylket og møter driftige folk som står bak eller arbeider i store verksemder, er det eitt tema som går att: Gje oss infrastruktur som er god. Det vil seie vegar, flysamband, båtruter, breiband og kommunikasjonar som gjer det muleg å drive den næringsaktiviteten mange har pågangsmot og kompetanse til å drive. Og som Sogn og Fjordane er så avhengig av.

Det er ikkje utan grunn at ein ønskjer kystveg. Vi er mange som ser at det er viktig at kysten blir knytt sterkare saman. 45-minuttsregionen vil ha mykje å seie for kommunikasjonen på kysten, som igjen er avgjerande for utviklinga av næringsliv og tilflytting. Dette er vi heilt avhengige av å ha i Sogn og Fjordane. I Høgre er vegsambandet allereie prioritert med eigen budsjettpost.
Dalsfjordbrua er eit viktig vegprosjekt, som kan utløyse aktivitet i HAFS-regionen. Den mest berømte vegen i Sogn og Fjordane er mellom Olden og Innvik, og den er det no kontinuerleg arbeid på for å ruste opp. Alt for seint, men det blir jobba med. I Sogn er det god veg frå Skei og til Lærdal, og dette er viktig for oss alle i Sogn og Fjordane, for å få transportert varene våre mot Austlandet og oss sjølve over fjellet.

Då undrar det meg at nokre tek til orde, deriblant Firda, for at det viktigaste med E39 er at ein skal komme seg fortast muleg forbi Sogn og Fjordane. Kven vegen skal tene i vårt fylke er tydelegvis heilt irrelevant og blir sett på som eit latterleg argument. I KVU-arbeidet er det rekna på minuttet kor lang reisetid dei ulike traseane vil gje. Skal vi følgje linja til Vegvesenet og Firda om å velje den kjappaste og rettaste vegen, så er det traseen med bru i midtre Nordfjord og Stigedalen som då skal bli valt. Dersom ein skal flytte den inn til Stryn, så er ein avhengig av bru for å ha den korte reisetida som er stipulert. Som Jon Gimmestad i Gloppen Næringsorganisasjon og nokre i transportbransjen har påpeika, så vil det bli vanskeleg å finansiere ei slik bru med bompengar. Brua vil ikkje avløyse behovet for ferje, og dei som brukar vegen oftast vil enten bruke ferja eller køyre til Stryn.
Traseen gjennom Stigedalen er dyrare, vil mange bruke som motargument. Då er det viktig å hugse på at brua innerst i fjorden ikkje vil utløyse ferjeavløysingsmidlar. Den vil ikkje tene Nordfjordregionen i forhold til å binde oss saman, fordi den er for langt frå tettstadane. Den vil difor ikkje generere bompengar i same grad.

Der er lagt ned mange millionar i veg allereie utifrå eksisterande trasè. Frå Sandane til Anda er det allereie ny og framifrå, god veg. Med dei investeringane som det blir lagt opp til i E39 langs heile Vestlandet, så blir det interessant å sjå korleis noverande regjering har tenkt å finansiere investeringane som kjem på fleire titals milliardar kroner. Dersom vi nyttar eksisterande trase, med den nye Kvivsvegen vidare nordover, vil ein ha eit meir realistisk, økonomisk prosjekt som gir verdi til det som allereie er lagt ned i samferdslekroner. I 2011 blir flyplassen på Anda opna med forlenga rullebane etter nye tryggleikskrav. Det er ikkje berre glopparar som nyttar Anda lufthamn. For samfunnsøkonomien og for innbyggjarane i heile Nordfjord, er det viktig å utvikle infrastrukturen til flyplassen for å gje eit best muleg tilbod.

Det verkar som om det ikkje skal vere eit gyldig argument å ta opp regional utvikling, omsynet til eit bu-og arbeidsområde og utviklinga av Nordfjord som region. Desse argumenta er gyldige for brubygging i Dalsfjorden og 45-minuttsregionen. Men ikkje når det gjeld E39, og ikkje når det gjeld Nordfjord. Det skal ikkje vere muleg å ha to tankar i hovudet samtidig. 

Vi veit at det er mest regional trafikk langs E39. Den bilen som startar i Førde, ser du sannsynlegvis ikkje att i Volda. Sjølvsagt skal ein sørgje for at det er kort reisetid for dei som køyrer langt, men det må samtidig vere viktig at vegen går forbi dei mest folkerike områda. Eg synes det er skuffande og underleg at Sunnfjord-regionen ikkje har eit sterkare ønskje om at Nordfjord skal få eit betre vegsamband som gjer at vi kan utvikle oss. Alle dei fine orda som mange brukar om at fogderi-striden burde bli lagt død, er det ikkje på tide å stå opp og vise det?

Olin Johanne Henden
Styremedlem Nordfjordkryssing AS
2. kandidat fylkestingslista Sogn og Fjordane Høgre 

fredag 25. mars 2011

Starten

Dette er mitt første innlegg på bloggen, og eg lurer på kva eg har gjort. Her sit eg med eit blogg-verktøy som eg knapt forstår. Med tekniske utfordringar har eg likevel ein plan om å kringkaste mine meiningar. Fallhøgda er der. Men det er ikkje noko nytt. 


For mange år sidan oppdaga eg at eg hadde høgdeskrekk. På toppen av Slogen såg eg plutseleg 1800 meter rett ned. Eg vart kvalm, svimmel og følte eg måtte hoppe. Eg kom meg ned i fosterstilling og såg ikkje meir på utsikta. Det enda med at eg kraup ned frå toppen på alle fire. Sidan den gongen har eg ikkje vore på Slogen igjen. Likevel har eg gått på andre fjelltoppar. Det er utruleg irriterande å ha høgdeskrekk når eg er så glad i naturopplevingane det gir meg å klatre på høge fjell. Og eg nektar å la redselen stogge meg. For ofte går det heilt fint, og eg kunne latt vere å kvi meg. 


Det gjev meg litt samme kjensla å skulle vere ein offentleg person. Det er tryggare å kringkaste mine meiningar til mine nærmaste, for då har eg meir kontroll med korleis det blir tolka, og dei kjenner samanhengen og konteksten. Fallhøgda er større ved å rope det ut til dei som finn fram til bloggen min. 


Samtidig er eg oppteken av at det er viktig at ulike menneske engasjerer seg. Det gjev ulike perspektiv, og det er viktig i den offentlege debatten. Muleg eg er ein kvinnesjåvinist, men fakta er at nokre kvinner har inspirert meg til å lage min eigen blogg. Det er Erna Solberg, Eli Bjørhusdal (jostedalsrypa), Trude Brosvik, Bente Øien Hauge, Hege Lothe og Elin Ørjaseter (Det glade vannvidd). Dette er høgst ulike kvinner som eg ikkje nødvendigvis er einig med (bortsett frå Erna Solberg). Men eg likar å lese kommentarane deira og høyre uttalar dei kjem med. Dei inspirerer og engasjerer fordi dei kjem med andre perspektiv og tør å stå oppreist om det bles friskt. 


Med ei tidlegare karriere som journalist, har eg også ønskje om å skrape rusten av mi språklege formuleringsevne. Så får tida vise om eg får tid til å legge ut nokre fjordblikk her. Nett no lever eg etter "african time" pga ei brota skulder. Det har gitt meg nokre kjedelege hinder i tilværet, og opna nye muligheter. Det gjeld berre å tørre å klatre litt, nyte utsikten og sjå dei mulighetane som byr seg. Sjølv om fallhøgda blir større. 


Olin Johanne