lørdag 24. september 2011

Favoritten

Ofte ligg eg på fire hjul rundt om i fylket. Det er ein ypparleg sjanse til å høyre lydbok. No har eg nett avslutta nok ei bok av han som no er min erklærte favoritt-forfattar; Arto Paasilinna. Det er berre andre boka eg høyrer av han, men eg gler meg allereie til neste.

"En lykkelig mann" handlar om ingeniøren Akeli Jaatinen som kjem til den vesle byen Granbacka. Han skal bygge ei betongbru, og får det gjort på ein god måte og kjappare enn fristen, fordi han har eit godt forhold til sine arbeidskarar. Men byen likar ikkje denne ingeniøren som får arbeidskarane til å jobbe meir iherdig, men som samtidig tek ein fest i lag med dei. Dette er dei ikkje vande til. Derfor møter han mykje motbør, og blir av fleire bedt om å reise frå bygda.
Jaatinen er ikkje tapt bak ei hes, og han tek grep.

For oss som er frå ein liten plass, er det mykje å kjenne seg igjen i. Her er mykje god humor, underfundighet og Robin Hood-tankegang, som gjer at underhaldningsverdien er stor.

Eg likar boka så godt, fordi vi i ei tid med overdriven tru på at systemet skal eliminere alle menneskelege feil, samtidig tek frå menneska verdien dei utgjer når dei legg ned eit ærleg og redeleg arbeid der dei ønskjer å utgjere ein forskjell. Enten ein er ingeniør, vaktmeister eller bedriftsleiar. Dette er ei stor utfordring for det gjennomregulerte samfunnet vi har fått. I denne boka møter vi ein kar som utgjer ein stor forskjell for småbyen Granbacka. Jaatinen tek i bruk knep som går over grensa, men fordi han også er eit medmenneske, kjem han godt ut av det.
Med Kyrre Haugen Bakken som lesar av boka, blir det eit godt lydbilde. Høyr, høyr!

onsdag 21. september 2011

Kampen mot sjukefråværet

Som arbeidsgjevar høyrer eg ekstra godt etter i debattane om sjukefråvær. Debattane skuffar meg gong på gong.
Sjukefråvær blir debattert som om det er ei handling den sjukemeldte sjølv bestemmer. Dersom incentiva er sterke nok, så går ein heller på jobb. Den andre antagelsen i debatten er at sjukefråværet er arbeidsrelatert. Dersom arbeidsgjevaren får sterke nok incentiv til å få arbeidstakar tilbake i jobb, så vil ein klare det. For å seie det litt flåsete; ein kan mest få inntrykk av at dersom arbeidsgjevar jobbar med skjema og planar i HMS-arbeidet, så vil ikkje arbeidstakarar bli sjuke.

Sjukefråværet i Norge var i 2010 på 6 %. Dersom utvalet kun er bedrifter utan IA-avtale er det på 5,5 %. Samtidig er det kun snakk om at ein skal utvide og jobbe med å få fleire inn i IA-avtalar. Kvifor?

Då IA-avtala vart lansert, fekk vi i mi bedrift ei orientering frå NAV om kva den gjekk ut på. Både verneombod og eg som leiar syntes ikkje det var særleg nytenkande. I avtala var det formalisert det vi gjorde i praksis, samtidig som det medførte meir byråkrati og papirarbeid. Vi sa difor nei, til å gå inn på dette.
Det har eg aldri angra på. I fjor hadde vi 1,5 % sjukefråvær.

Sjølv om sjukefråværet er lågare i verksemder i bedrifter utan IA-avtale, meiner regjeringa og arbeidsministeren at det er enno fleire krav for formalisert oppfølgjing av sjukmeldte som skal hjelpe. Vert det forska på kva verksemdene utan IA-avtale gjer, og som dei med IA-avtale ikkje gjer? Kva er grunnen til at verksemdene utan IA-avtale kjem betre ut på statistikkane? Dette bør vere heilt vesentleg å få svar på, og arbeidet med IA-avtala må evaluerast før ein pålegg arbeidsgjevarane enno fleire krav. Meir av ein medisin som ikkje fungerer, bør ikkje skrivast ut.

mandag 19. september 2011

Ein sein nattetime


Bildet er teke på Sunnfjord Hotell, og klokka er ca fire på natta. Det er valvake, i ordet si rette tyding. Valresultet er endeleg klart, og det er tid for forhandlingar. Vi veit at Høgre sitt spelerom ikkje er stort. Ap vart største parti, Sp nest størst og H ikkje større enn at vi må skape nye alliansar om vi skal nå nokon posisjon. Vi hadde besøk av eit parti på hotellrommet, men resultatet er kjent. Ap og Sp fann saman, nok ein gong. Det vart klart kl fem, og det var berre å finne senga. Vi vakna opp til nyhende om at Ap fekk fylkesordføraren, som venta. Det som ikkje var like klart, var at dei hadde forhandla vekk alle leiarverv av utvala. H fekk sju representantar, og dermed akkurat ikkje stort nok til å få to i fylkesutvalet, som var vårt ønskje.
Så om vi gjekk fram frå fem representantar, så har vi no mindre påverknad i fylkestinget enn tidlegare. Det er trist, og ikkje uventa kom opposisjonen med reaksjonar på dette. Men makta rår.

Det mest gledelege med valet, er at Høgre får åtte nye ordførarar og tre varaordførarar i Sogn og Fjordane. Dermed nådde vi målet, om minimum ti tilsaman. Det vi trudde var eit hårete mål, vart overgått. Ei fantastisk kjensle, og ikkje minst utruleg flott å få vere med på ein slik framgong. Hardt arbeid i alle delar av partiorganisasjonen førte til dette. Frå toppen med Erna, til fotfolket som delte ut brosjyrer, stod på stand, dreiv dørbank og trakta kaffi.

I desse dagar fekk eg e-post frå ein bekjent i Zambia. I morgon skal dei ha val, eit val som han karakteriserer som det viktigaste sidan 1964. Håpet er at valet skal føregå i rolege former. Det har gjort det dei seinaste vala, men i eit land med framleis låg levestandard og mykje fattigdom, er det ikkje sjølvsagt.

Det er lett å ta vårt demokrati, vår levestandard og våre verdiar som sjølvsagt. Det er det ikkje. Derfor gir det meg ekstra styrke til politisk engasjement, å vite korleis det er andre stadar i verda. Mange meiner det er så små forskjellar i norsk politikk, og Raudt finn saman med Høgre for å lage konstellasjonar. Noko som er underleg. Dette trur eg ikkje bidrar til meir respekt og engasjement for politiske organisasjonar. Pragmatismen tek overhand.

Vi har eit godt fundament i Norge, med trygge val i ein god tone mellom politiske motstandarar. Dette må vi setje pris på, samtidig som vi må få fram dei ideologiske skillelinjene. Mitt politiske engasjement er tufta på at ideologien til Høgre er viktig å kjempe for. For å styre våre lokalsamfunn og vårt land til ei betre framtid.