søndag 15. januar 2012

No har vi sjansen!

Det er ei viktig avstemning som skal takast i fylkestinget 31. januar. Der skal representantane gje ei uttale til KVU-rapporten som Statens Vegvesen har utarbeidd for strekninga Skei-Ålesund. Den kontroversielle delen er at Vegvesenet går inn for å endre trasèen frå den som er i dag. Dei vil at det skal byggast tunnell gjennom Utvikfjellet, og byggast ei bru i Stryn kommune. Det er to grunnar til dette: det gjev kortaste reisetid og er det rimelegaste alternativet.

Det er stor usikkerhet om dette faktisk blir tilfelle. At det blir kortast reisetid, kjem an på om det blir bru i Stryn. Dette er ei bru som skal byggast på ein stad der det ikkje går ferje per i dag. Ein vil derfor gå glipp av ferjeavløysingsmidlar, noko som ikkje er teke med i vurderinga av kostnadane med dei ulike traseane. Det er høgst tvilsamt om denne brua nokongong blir bygt. Vestlandsrådet har lenge jobba for at E39 skal bli ferjefri. Dersom E39 blir lagt til indre trase, vil E39 vere ferjefritt. Kva skal då vere argumentet for å bygge ei bru som ikkje får ferjeavløysingsmidlar, og som det lokalt ikkje er vilje til å betale bompengar på? I kampen om midlar til store samferdsle-utfordringar i meir folkerike område, er det truleg at brua vil tape kampen. Blir ikkje brua bygt, blir det lenger reisetid med traseen om Stryn, enn den som eksisterer i dag, sjølv med ferje. Problemet er berre at Vegvesenet ikkje har sett på muligheten for å køyre til Stryn via Eid. Sjølv er det denne vegen eg oftast veljer sjølv, fordi det tek kortare tid og er betre veg. Det er uforståeleg at dette ikkje er teke med i eit av alternativa, når Vegvesenet presenterer reisetid i Nordfjord.

I utrekninga av kostnader med dei ulike traseane og bru-alternativa, har dei kome fram til at indre med bru i Stryn, kostar 0,5 mrd meir enn det som vi omtalar som S-en, som følgjer vedtekne trasè og den nye Kvivsvegen. Problemet er at transportørar sjølv har sagt at dei ikkje er villige til å betale bompengar for å køyre denne brua, når det er så kort veg å køyre rundt fjorden i Stryn. Stryn kommune har tidlegare nekta å gå inn for bompengar ved andre prosjekt, og der er ikkje signal på at dei har ei anna meining her.
I Gloppen kommune er det vedteke at ein går inn for bompengefinansiering av ei Nordfjordbru over Anda-Lote. Skilnaden på om ein betalar ferjebillett eller bompengar finnast ikkje. Konsulent Helge Hopen har rekna ut at der kan betalast inn 1,5 mrd i bompengar. Då blir reknestykket motsett, og det vil då enkelt rekna bli 1 mrd billigare med det midtre alternativet.

Der er andre punkt som KVU-en skal ta omsyn til, som ikkje er gjort. I målsetjinga for slike planar, står det at den skal ta omsyn til eksisterande samferdsle-tilbod innan båt- og fly-trafikk. Dette er ikkje gjort. Fylkesrådmannen ønskjer å redusere ferje-tilbodet over Anda-Lote, som er ein av to vegar til Sandane Lufthamn. Der er det nett investert 120 millionar kroner i oppussing, og den er godt rusta for framtida.

Det er alvorleg at ikkje momenta ovanfor blir teke med i verken fylkesrådmannen eller Vegvesenet sine vurderingar. Då er det viktig å ha politikarar som klarar å ta med eit større bilde, slik at vi kan gje eit grunngjeve og godt råd vidare til Samferdsledepartementet. Det er no vi har sjansen!

fredag 13. januar 2012

Fri


For mange er jul ei tid for å gjere det ein elles ikkje får gjort, med besøk, turar, lesing og ikkje minst; eting. Nokre av desse stikkorda har eg også treff på. Men for oss som driv butikk er det hektisk fram til døra blir låst att julafta kl 12. Så er det to dagar til familie, før det er full fart fram til nyttårsafta med vareteljing og salg og enno meir salg. I år vart også romjula sterkt prega av Dagmar, som gjorde at vi måtte begrense og reparere på kvart vårt vis.

Derfor var det ei kjensle av å ta ei velfortent frihelg, forrige helg. Tre oppgåver stod på planen: sove, lage mat, renne og gå på ski. Når ein i tillegg får tid til å lese, fyre i peisen og treffe gode venner, kva meir kan ein ønskje seg? Ein oase var det, og eg henta energi i kvar ein svettedråpe i løypene.