fredag 2. desember 2011

Glad fylkespolitikar

Etter at eg vart valgt inn i fylkestinget for Sogn og Fjordane i haust, har eg vore gjennom møter i fylkesutval, hovudutval for samferdsel, Vestlandsrådet og konstituerande fylkesting. Det har vore kjekkare og meir interessant enn eg hadde forventa. Utifrå at Høgre fekk mindre makt og færre posisjonar enn ein kunne forvente med vårt valresultat, så såg eg ikkje håp om at vi kunne påverke politikken i vesentleg grad. Men der tok eg feil. Vi er så absolutt med på å setje dagsorden, om det ikkje alltid viser igjen at det er Høgre som står som forslagsstillar. Der har vi vel noko å lære av andre parti (les Ap og Sp), som er meir kyniske på dette. Men min viktigaste motivasjon for å engasjere meg politisk, er å bidra til eit ønska resultat for utvikling av samfunnet. Då er det sekundært for meg kven som får kred. Likevel må eg innsjå at om veljarane skal få vite kva vi faktisk gjer og jobbar for, så må det vise igjen utad. Gjennom media, og gjennom kva vi sjølve klarar å formidle. Utfordringa er at nokre andre parti ikkje vil stemme for andre sine forslag uansett, dei lagar eit sjølv som er veldig likt - og får det gjennom.

Forsøk på hersketeknikkar som ein fersk representant blir utsett for, er mest underhaldande. Heldigvis har eg vore ute ei vinternatt før. Høgre-gruppa har eit godt samhald og samarbeid, og eg legg vekt på å ha eit godt forhold til mine politiske motstandarar. Som eg har lært i utallige samanhengar; kva andre gjer mot oss og meg kan ein ikkje styre. Eg må berre syte for å oppføre meg sjølv på eit vis som eg kan stå inne for.

Som sagt, starten har ikkje vore avskrekkande, så eg gler meg til dei komande fire åra som fylkespolitikar.

søndag 30. oktober 2011

Om båten kunne fortelje


No er det visst ikkje håp lenger. Båtmakar-karen har sagt at det er lite å gjere. Båten kan ikkje reparerast meir, og må kasserast.

Det verka som ei enkel sak, det er berre å kjøpe ein ny som kan setjast ut på elva til våren. Då kan vi setje oss i ein trygg båt, finne fram fiskestengene og sjå om vi kan lure ein ørret i elva. Men då eg såg på båten i dag, forsto eg at det ikkje blir så enkelt.

Båten har vore den trufaste tenaren på elva ved familiehytta sidan begynnelsen av 1940-talet. Tre generasjonar i familien har gynga trygt i den.

Tenk kva denne båten kunne fortalt om kva den har sett og høyrt! Mange av mine beste minner er frå timar i båten. Timar med fiskelukke, vennskap, dramatikk, samhald, draumar, planar, livsfilosofi og glede. Men det er berre mine. Tenk kva bestefar og bestemor har av minner frå båten. Frå eit liv med krig og tortur, til eit liv med barn og barnebarn i båten. Tenk på alle harde åretaka far har teke i båten, for si kone, kameratar og sine fem jenter. Det har ikkje berre vore snakk om val av fluer.

Tenk om båten kunne fortelje. Det hadde vore familie-soga si det.

mandag 3. oktober 2011


Ein ny barneskule blir til

På bildet ser vi ein bygningsarbeider som jobbar med å bygge ein ny barneskule i Farao Village i Zambia. Mange gjer ein stor innsats for å få reist bygget. Alt i frå dei som samlar inn pengar til å få bygt den, til dei som utfører arbeidet.

Då eg sjølv gjekk på barneskulen og vi var leie av skulearbeid, fekk vi frå lærarar høyre at vi måtte vere glade for at vi fekk gå på skule, fordi det var mange rundt om i verden som ikkje kunne det. Det var vanskeleg å ta inn over seg, og sjå lenger enn eige ønskje om å heller bruke tid på andre ting. Heldigvis blir vi på nokre område meir vise med åra. I Norge har dei fleste av oss alle mulighetar for å ta den utdanninga vi sjølve ønskjer, og som gjev oss det utgangspunktet vi ønskjer for livet. Som politikar synes eg det er viktig å jobbe for at vi gjer skulen i Norge betre for våre unge håpefulle, og at alle får bruke sine ressursar på ein god måte vidare i livet. Samtidig er det også godt å kunne vere med å bidra til at det er nokre barn i andre delar av verda som kan få kunnskap, som kan gje dei eit betre utgangspunkt i ein vanskeleg kvardag.

Og for meg som er ansvarleg for HMS-arbeid i eiga bedrift er det eit paradoks å sjå kva forhold dei jobbar under. Då er det godt å ha ein kompis som støttar...

lørdag 24. september 2011

Favoritten

Ofte ligg eg på fire hjul rundt om i fylket. Det er ein ypparleg sjanse til å høyre lydbok. No har eg nett avslutta nok ei bok av han som no er min erklærte favoritt-forfattar; Arto Paasilinna. Det er berre andre boka eg høyrer av han, men eg gler meg allereie til neste.

"En lykkelig mann" handlar om ingeniøren Akeli Jaatinen som kjem til den vesle byen Granbacka. Han skal bygge ei betongbru, og får det gjort på ein god måte og kjappare enn fristen, fordi han har eit godt forhold til sine arbeidskarar. Men byen likar ikkje denne ingeniøren som får arbeidskarane til å jobbe meir iherdig, men som samtidig tek ein fest i lag med dei. Dette er dei ikkje vande til. Derfor møter han mykje motbør, og blir av fleire bedt om å reise frå bygda.
Jaatinen er ikkje tapt bak ei hes, og han tek grep.

For oss som er frå ein liten plass, er det mykje å kjenne seg igjen i. Her er mykje god humor, underfundighet og Robin Hood-tankegang, som gjer at underhaldningsverdien er stor.

Eg likar boka så godt, fordi vi i ei tid med overdriven tru på at systemet skal eliminere alle menneskelege feil, samtidig tek frå menneska verdien dei utgjer når dei legg ned eit ærleg og redeleg arbeid der dei ønskjer å utgjere ein forskjell. Enten ein er ingeniør, vaktmeister eller bedriftsleiar. Dette er ei stor utfordring for det gjennomregulerte samfunnet vi har fått. I denne boka møter vi ein kar som utgjer ein stor forskjell for småbyen Granbacka. Jaatinen tek i bruk knep som går over grensa, men fordi han også er eit medmenneske, kjem han godt ut av det.
Med Kyrre Haugen Bakken som lesar av boka, blir det eit godt lydbilde. Høyr, høyr!

onsdag 21. september 2011

Kampen mot sjukefråværet

Som arbeidsgjevar høyrer eg ekstra godt etter i debattane om sjukefråvær. Debattane skuffar meg gong på gong.
Sjukefråvær blir debattert som om det er ei handling den sjukemeldte sjølv bestemmer. Dersom incentiva er sterke nok, så går ein heller på jobb. Den andre antagelsen i debatten er at sjukefråværet er arbeidsrelatert. Dersom arbeidsgjevaren får sterke nok incentiv til å få arbeidstakar tilbake i jobb, så vil ein klare det. For å seie det litt flåsete; ein kan mest få inntrykk av at dersom arbeidsgjevar jobbar med skjema og planar i HMS-arbeidet, så vil ikkje arbeidstakarar bli sjuke.

Sjukefråværet i Norge var i 2010 på 6 %. Dersom utvalet kun er bedrifter utan IA-avtale er det på 5,5 %. Samtidig er det kun snakk om at ein skal utvide og jobbe med å få fleire inn i IA-avtalar. Kvifor?

Då IA-avtala vart lansert, fekk vi i mi bedrift ei orientering frå NAV om kva den gjekk ut på. Både verneombod og eg som leiar syntes ikkje det var særleg nytenkande. I avtala var det formalisert det vi gjorde i praksis, samtidig som det medførte meir byråkrati og papirarbeid. Vi sa difor nei, til å gå inn på dette.
Det har eg aldri angra på. I fjor hadde vi 1,5 % sjukefråvær.

Sjølv om sjukefråværet er lågare i verksemder i bedrifter utan IA-avtale, meiner regjeringa og arbeidsministeren at det er enno fleire krav for formalisert oppfølgjing av sjukmeldte som skal hjelpe. Vert det forska på kva verksemdene utan IA-avtale gjer, og som dei med IA-avtale ikkje gjer? Kva er grunnen til at verksemdene utan IA-avtale kjem betre ut på statistikkane? Dette bør vere heilt vesentleg å få svar på, og arbeidet med IA-avtala må evaluerast før ein pålegg arbeidsgjevarane enno fleire krav. Meir av ein medisin som ikkje fungerer, bør ikkje skrivast ut.

mandag 19. september 2011

Ein sein nattetime


Bildet er teke på Sunnfjord Hotell, og klokka er ca fire på natta. Det er valvake, i ordet si rette tyding. Valresultet er endeleg klart, og det er tid for forhandlingar. Vi veit at Høgre sitt spelerom ikkje er stort. Ap vart største parti, Sp nest størst og H ikkje større enn at vi må skape nye alliansar om vi skal nå nokon posisjon. Vi hadde besøk av eit parti på hotellrommet, men resultatet er kjent. Ap og Sp fann saman, nok ein gong. Det vart klart kl fem, og det var berre å finne senga. Vi vakna opp til nyhende om at Ap fekk fylkesordføraren, som venta. Det som ikkje var like klart, var at dei hadde forhandla vekk alle leiarverv av utvala. H fekk sju representantar, og dermed akkurat ikkje stort nok til å få to i fylkesutvalet, som var vårt ønskje.
Så om vi gjekk fram frå fem representantar, så har vi no mindre påverknad i fylkestinget enn tidlegare. Det er trist, og ikkje uventa kom opposisjonen med reaksjonar på dette. Men makta rår.

Det mest gledelege med valet, er at Høgre får åtte nye ordførarar og tre varaordførarar i Sogn og Fjordane. Dermed nådde vi målet, om minimum ti tilsaman. Det vi trudde var eit hårete mål, vart overgått. Ei fantastisk kjensle, og ikkje minst utruleg flott å få vere med på ein slik framgong. Hardt arbeid i alle delar av partiorganisasjonen førte til dette. Frå toppen med Erna, til fotfolket som delte ut brosjyrer, stod på stand, dreiv dørbank og trakta kaffi.

I desse dagar fekk eg e-post frå ein bekjent i Zambia. I morgon skal dei ha val, eit val som han karakteriserer som det viktigaste sidan 1964. Håpet er at valet skal føregå i rolege former. Det har gjort det dei seinaste vala, men i eit land med framleis låg levestandard og mykje fattigdom, er det ikkje sjølvsagt.

Det er lett å ta vårt demokrati, vår levestandard og våre verdiar som sjølvsagt. Det er det ikkje. Derfor gir det meg ekstra styrke til politisk engasjement, å vite korleis det er andre stadar i verda. Mange meiner det er så små forskjellar i norsk politikk, og Raudt finn saman med Høgre for å lage konstellasjonar. Noko som er underleg. Dette trur eg ikkje bidrar til meir respekt og engasjement for politiske organisasjonar. Pragmatismen tek overhand.

Vi har eit godt fundament i Norge, med trygge val i ein god tone mellom politiske motstandarar. Dette må vi setje pris på, samtidig som vi må få fram dei ideologiske skillelinjene. Mitt politiske engasjement er tufta på at ideologien til Høgre er viktig å kjempe for. For å styre våre lokalsamfunn og vårt land til ei betre framtid.

fredag 5. august 2011

Fjord-namnet er vårt

I dag har mannen bak blogg-namnet "Fjordman" stått fram. Han blir omtala som den store inspirasjonskjelda til massemordaren, så namnet har vore ofte i media.

Det har kome fleire kommentarar på Twitter i kveld om at ein ikkje lenger kan ete Fjordland, og at fjording og namn med fjord i, ikkje kan uttalast utan å kjenne gru.

Med namnet på bloggen min, så har eg sjølvsagt kjent ubehaget med å bruke fjord i namnet. Kan bloggen på nokon måte setjast i samanheng med meiningane til Fjordman? På det er vel svaret definitivt nei. Skal eg då endra namnet på bloggen for å hindre alle konnotasjonar til vedkomande?

Det er freistande, for det er det mest lettvinte. Samtidig nektar eg at ein fanatisk anti-islamist skal få ta hevd på og skitne til fjord-namnet. I reiselivssamanheng og marknadsføring, har fjord-namnet vore med på å gje positive assosiasjonar. Det gamle ordet for fjord - fird - har gjeve namn til både skular og aviser som eksisterer i Sogn og Fjordane i dag.

Eg vil ikkje la ein bloggar med slike meiningar få ha eigarskap til namnet, og då må vi fortsetje å bruke fjord i ulike samanhengar, slik at det har andre tydingar for folk flest. Eg trur ikkje "folk flest" les bloggen min, men det er eit prinsipp for meg.

Så bloggen min vil fortsatt heite; Fjordblikk.

fredag 29. juli 2011

Unge med stort hjerte!


Her ser de bilde av små kunstverk, som alle tilsette fekk smake i butikken i dag. Tre av våre unge sommarvikarar, hadde brukt ein kveld på å lage nydelege cupcakes til oss på jobben. Dei sa at det var fordi dei var glade for å jobbe her, og det var kjekt å bidra med noko for at vi skulle ha ein kjekk arbeidsdag.

For nokre fantastiske ungdommar! Det rørte meg veldig. Tårene pipla over denne varmen og ønsket om å bidra med noko godt. Både for kropp og sjel. Ikkje berre var dei vakre å sjå på, men dei smakte også søtt, friskt og framtidshåp.

torsdag 28. juli 2011

Tung tids tale - av Haldis Moren Vesaas

Under samlinga i kyrkja i samband med fakkeltoget på mandag, så las presten dette diktet. Det er frå 1945.

I desse dagane og i veker og månader framover, må eg minne meg sjølv på:
Våg å vere nær.


Det heiter ikkje: eg - no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!

Frå Tung tids tale, 1945

søndag 24. juli 2011

Tankar i ei tung tid

Tragedien som skjedde i går er ufatteleg. Foreløpig er det meldt om sju drepte i regjeringsbygget, og seks personar er sakna. På Utøya er 85 ungdomar drept, eit heilt uverkeleg antal. Fleire er fortsatt sakna.

Etter ei kort natt til laurdag, måtte dagen i dag brukast på jobb, som planlagt. Friluftshelga i Hyen vart arrangert. Bortsett frå dansen i kveld og skytinga, gjekk alt som planlagt. Ei god avgjerd, på lik linje som at Malakoff rockefestival blir arrangert. Statsministeren og andre som uttalar seg snakkar om at vi må stå saman. Då er det riktig å ha aktivitetane der vi nettopp kan vere det. Så får det bli annleis, og bli markert på den måten ein kjenner er riktig. I Hyen var flagga på halv stong, og i opninga var det eitt minutts stille. Det var ei dempa forsamling.
Mange var naturlegvis rysta, og fleire tok opp tragedien. Ikkje alle var like godt informert. Likevel er det inga unnskyldning for å hevde at grensene er for opne, eller at det er utlendingane sin feil, slik eg fekk høyre frå eit par personar i dag. Det var nett som om dei ikkje ville høyre at han var etnisk norsk, kvit mann.
Eg blir skremt av dei haldningane eg møtte i dag. Og det er skremmande at det no skal gå over til å bli at det var ein "galning" som gjorde dette. Det var ein terrorist, kvit eller brun.

Det viser seg at vedkomande gjerningsmann har skrive eit manifest, og lagt ut film på youtube. Eg har ikkje lese det, for eg vil ikkje vere med på å gje eit einaste klikk til denne mannen som har gjort denne ugjeringa. Men det er muleg at denne gjerningsmannen kan få "heltestatus" i visse miljø. Det er så ille.
Kva kan vi gjere? PST må for det første endre si vurdering av "høgre-ekstreme" miljø, som dei ikkje meinte utgjorde nokon trussel i 2011. Det er frå fleire hald vist til at massakrane som er gjort med flest antal døde, er utført at kvite ekstremistar, ikkje muslimar. Samtidig tenkjer eg at det er noko vi må kunne gjere. Og etter at eg snakka med eit par personar i dag, som brukte anledninga til å snakke om at vi skulle ha strengare grensekontroll og færre innvandrarar, utan at det har noko grunngjeving i samband med det som skjedde i dag, så tenkjer eg at ja, vi kan gjere noko. Vi kan snakke med dei som ytrar slike haldningar, og seie at nei, det er ikkje akseptabelt. Forklare og fortelle. Gje dei fakta. Det er mange haldningar som byggar på heilt feil grunnlag. UDI-direktør Ida Børresen har tidlegare også påpeika at politikarar og fleire er med på å bringe vidare feil informasjon angåande myter om flyktningar og innvandrar. Det kviler eit spesielt ansvar på politikarane og personar som har kunnskap og som veit, til å formidle riktig og god informasjon.

Det opprører meg at dei eg møtte i dag, har delt noko av tankegodset med gjerningsmannen i dag. Sjølvsagt har dei ikkje på nokon som helst måte støtta tragedien som skjedde i går. Men det er så enkelt å slenge slike uttalar ut, enten i daglegtale eller på debattfora. Men det må ikkje stå uimotsagt, verken i personlege møter eller på nettet. Det er jo eit lønnleg håp at vi aldri meir opplever angrep frå kvite høgre-ekstremistar som synes dei er i sin rett til å drepe dei med andre meiningar. Eg veit det er naivt å tru at vi kan gjere noko for å hindre slike ekstreme handlingar frå anti-islamistar. Men vi må alle bidra med det vi kan, nært og fjernt. For eit betre Norge. For oss alle.

torsdag 21. juli 2011

Høgre vil gje alle næringsdrivande mulighetar!

Alle politiske parti er einige om at vi ønskjer fleire arbeidsplassar. Forskjellane er på korleis vi vil skape dei. Skal det vere gjennom offentleg subsidiering av nokre få store verksemder – eller vil vi gje alle verksemder like konkurransevilkår? Medan Arbeiderpartiet vil styrke støtteordningar til spesielt utvalgte bedrifter, vil Høgre gje gode vilkår for alle.

Fylkesleiar i Arbeiderpartiet Nils P. Støyva latterleggjer at Høgre er opptekne av at ei pølsebu skal ha gode og førutsigbare rammevilkår, på lik linje med industrien. Dersom satsinga på industrien har vore så vellukka, kvifor har då tal sysselsette i industrien gått ned dei siste tre åra? I 2009 var talet 248 000 sysselsette innan industrien, i 1. Kvartal i 2011 var talet kome ned i 233 000.

Arbeiderpartiet likar å skryte av at dei har skapt 250 000 nye arbeidsplassar. Veksten i den totale sysselsettiinga, har dei siste åra vore stort sett tilsvarande folkeveksten i yrkesaktiv alder. Sysselsetjinga har prosentvis vore størst i offentlig sektor. Som politikarar må vi sjå utviklingstrekk over lenger tid, og legge til rette for ei ønska utvikling. Med tanke på framtidige utfordringar med nok arbeidskraft og skatteinntekter, er ikkje dette godt nytt for Norge AS.

I Høgre er vi opptekne av at småbedriftene skal ha gode rammevilkår. Vi har programfesta ei nedtrapping av formueskatt og arveavgift, men dette er berre ein liten del av det som er viktig for å ha eit mangfald av bedrifter. Vi snakkar med mange næringsdrivande, og det er samferdsle, samferdsle, samferdsle som går igjen som det viktigaste tiltaket dei ønskjer politikarane skal ta tak i. I Sogn og Fjordane har vi mange, dyktige næringslivsleiarar. Dei får til mykje, og då er det svært frustrerande å oppleve at vegar og flytilbod er det som hindrar vidare utvikling.

Fleire bedrifter i Sogn og Fjordane har store utfordringar med å få tak i nok arbeidsfolk. Det gjer at vi må utvide bu- og arbeidsmarknadsregionane. Til no er Høgre det einaste partiet som klart prioriterer Kystvegen, med oppstartsmidlar til planlegging på 200 millionar kr. Ferjefri E39 er ein annan visjon, som vi delar med regjeringspartia. Med ei bru i midtre Nordfjord, vil vi opne for ein region med 60 000 innbyggjarar. Dette skapar mulighetar. Heile Sogn og Fjordane må vidareutviklast, slik at fylket vårt blir attraktivt for tilflytting.

Framskrivinga av folketalet i Sogn og Fjordane er ikkje lysteleg lesnad. Då er det interessant å lese rapporten til Kompetanseutvalet, som slår fast at samferdsle samt større bu- og arbeidsmarknadsområder er avgjerande for tilflytting til distrikta.

For å skape slike dynamiske bu- og arbeidsregionar må det satsast på utbygging av infrastruktur som bind regionen saman. Slik oppnår ein regionforstørring i form av ein større arbeidsmarknad – og aukar attraktiviteten både for etablering av kompetanseintensive verksemder og for å trekkje til seg arbeidskraft med høg kompetanse.”
Sitat frå Kjell Gunnar Salvanes, Professor Norges Handelshøyskole Og Jan Per Styve, Regionaldirektør Hordaland Fylkeskommune I Bergens Tidende 5. juli 2011.

La oss vere meir visjonære enn at vi kun opnar verktøykassa for nokre få utvalgte, som får ein pott med skatte-pengar i gåve. Gje oss muligheten til å opne for eit mangfald av verksemder, både pølsebuer og store industriverksemder!

Her er eg på handel på Moods-butikken på Flø. Men det vart kle i handleposen, ikkje traktor!

mandag 18. juli 2011

Gratulere med 93-års dagen, Nelson Mandela!


Bildet er frå Nelson Mandela-museet i Soweto i Johannesburg. I oktober i fjor var eg innom der. Museet er lagt til huset der Winnie Mandela og mannen budde, då både ho og Nelson vart arrestert. Huset ligg midt i Soweto, der middelklassa no bur.

Det gjorde sterkt inntrykk å sjå huset, bilder og lese historia. Rundt om i verda er der mange som har kjempa og som fortsatt kjempar for menneske sin fridom og rett til å leve livet med like muligheter. Nelson Mandela vil for alltid stå som den viktigaste personen for endring i Sør-Afrika. Å kjempe ein slik kamp som han har gjort - samtidig som han har bevart ein mildhet ovanfor sine tidlegare motstandarar, det er så stort at ord blir små.

Vi er heldige. I Norge har vi ikkje slike store kampar å kjempe. Men vi kan lese orda, ta dei til oss og leve dei ut i våre daglegliv. Det kan gjere ein forskjell for dei vi har rundt oss. For det er dette Livet handlar om:

På bildet står det:
"In judging our progress as individuals, we tend to concentrate on external factors such as one`s social position, influence and popularity, wealth and standard of ecucation... but internal factors may be even more crucial in assessing one`s development as a human being: humility, purity, generosity, absence of vanity, readiness to serve your fellow men - qualities within the reach of every human soul."
Nelson Mandela in a letter to Winnie Mandela in 1977.

tirsdag 12. juli 2011

Festivalar - eit onde?

I dag har det vore eit par innlegg i debatten som går igjen kvar sommar. Har vi for mange festivalar?
Kvar gong temaet kjem opp, undrar eg meg over kvifor problemstillinga blir reist. Er det kommentatorar som sit heime i leiligheten og synes det er vondt å tenke på kor mange som kosar seg på festival? Kvifor irriterer det nokre at det i mange bygder er fleire som legg ferien sin til den lokale festivalen, slik at dei kan jobbe dugnad for å vere med å arrangere? Synes dei at band og artistar som reiser rundt i Norge bør få mindre å gjere, og i så fall - kvifor? Synes kommentatorane at dei som reiser på festival for å ha det moro, helst ikkje bør ha det, og heller ikkje bør ha opplevingar for livet?
Are Kalvø har sagt det enkelt og godt; alternativet til at det er ein festival på kvart nes, er at det ikkje er ein festival på kvart nes.

Det er mange verdiar som ligg i arbeidet med festivalane. Grunnen til at eldsjeler går på år etter år, er fordi dei er entrepenørar som likar å skape noko saman med andre, som besøkande på festivalane har glede av.
Dersom festivalane er dårleg organiserte, folk ikkje lenger vil jobbe dugnad eller artistane ikkje vil kome, så dør dei ut av seg sjølve.

Så la oss sleppe fleire bedrivitande kommentarar om at Norge lir av for mange festivalar. La oss glede oss over minner for livet i lange, lyse sommarnetter, eller under våte paraplyar. La oss få opplevingar som vi kan tenke tilbake på - ikkje berre den komande kalde vinteren - men gjerne i fleire år framover. La oss få danse litt samba eller setje ein cowboy-hatt på hovudet. I Norge har vi ikkje for mykje kulturliv, vi treng kvar ein rockefot vi har.

torsdag 30. juni 2011

Høgre sitt Kvinneforum er ein del av suksessen til Høgre

I DN laurdag forrige laurdag, blir Heidi “Vampus” Nordby Lunde intervjua om den “ blå feminismen”. Ho uttalar at ho ikkje kan skjøne kvifor Høgre har eit eige kvinneforum. Vi burde heller hevde våre meiningar i andre fora i partiet.

Høgre sitt kvinneforum har fylkeslag i alle fylke. Vi arbeider for å rekruttere
fleire kvinner til å bli aktivt med i Høgre, og til å stemme Høgre. Det gjer vi med kurs i kommunikasjon og hersketeknikkar, og vi møtast til politiske diskusjonar om likestillings-tema. Vi lagar nettverk, slik at kvinner som har hatt posisjonar i partiet kan hjelpe kvinner utan politisk erfaring.

Grunnen til at eit eige forum for kvinner i Høgre er ønska, er blant anna fordi berre 9 av 30 stortingsrepresentantar er kvinner, 3 av 19 fylkesleiarar er kvinner, 15 av 79 ordførarar er kvinner, 90 av om lag 375 lokalforeiningsleiarar er kvinner, og vi har 45 kvinnelige gruppeleiarar. Både Nordby Lunde og eg veit at vår politikk er så god, at fleire kvinner burde ønskje å engasjere seg i den. Likevel viser representasjonen at vi treng eit kvinneforum som arbeider målretta for å auke kvinnedeltakinga.

At samfunnet treng “borgarleg feminisme” er, i følgje meiningsmålingane, tydelegvis mange kvinner i Norge einig med oss i. Borgarleg feminisme byggjer på likeverd og respekt for at folk vil leve ulike liv. Borgarleg feminisme tek utgangspunkt i at kvinner er ein ressurs. Feminismen erkjenner samtidig at det finst ei diskriminering som ikkje kan forklarast ut frå anna enn gamle kjønnsrollemønster. Høgre veit at kvinner generelt sett ikkje er ofre, tvert om. Kvinner er kraftfulle, kompetente, kreative og ressurssterke. Borgarlege feministar er opptekne av likestilling og likeverd mellom begge kjønn.

Vi har ikkje eit kvinneforum for å leike politikk eller ha det koselig. At vi har det kjekt saman, er ein bonus. Men eit kvinneforum kan løfte fram talent og politikk, som hovudorganisasjonen har glede og nytte av.

Heidi Nordby Lunde er velkomen på eit av møta våre, for å høyre kva Høgre sitt Kvinneforum anno 2011 jobbar med.

Innlegget vart sendt til DN, men fekk ikkje spalteplass i avisa.
Eg har også lagt inn eit par kommentarar på Vampus sin blogg, men siste kommentaren har ho nekta å ta inn. Kommentaren var konstruktiv og på ingen måte ufin, men meir ville altså ikkje Heidi Nordby Lunda høyre frå meg i denne saka.

torsdag 23. juni 2011

Inspirasjon!

I går var vi samla i Trivselshagen - til kick-off til NM i friidrett,og det var inspirerande!!

Johan Kaggestad som starta med import av Nike i Norge, trenar for Grete Waitz og Ingrid Kristiansen og har utvikla sykkelsporten i stor grad, inspirerte osoppmoda blant anna oss leiarar om å stille medarbeidarane våre spørsmålet: Kva kan eg gjere for å bli ein betre leiar - og korleis kan du hjelpe med det?
Ved å stille spørsmålet er ein audmjuk, noko som ein bør vere som leiar. Ein er avhengig av å få direkte tilbakemeldingar frå dei tilsette på kva dei meiner ein kan gjere betre, men det er gjerne ikkje så lett å skape eit miljø og ein kultur for dette. Ved å stille spørsmålet og få gode svar, risikerer ein berre ein ting, at ein blir betre. Forhåpentlegvis skapar dette også ein trygghet for at vi gir tilbakemeldingar til kvarandre, og at det ikkje er farleg å gje råd til kvarandre om korleis vi kan utvikle oss i betre retning. Den største faren på ein arbeidsplass, er at vi blir så sjølvtilfredse at vi hverken ønskjer å bli inspirert eller ta i mot tilbakemeldingar.

I pausen fekk vi servert fingermat, laga av Kokkenes Mesterlaug. Mmmmm, nydeleg!

Tom Nordlie fortalte om livet sitt som fotballtrenar, og kalte foredraget sitt "I fri dressur i medgang/motgang. Det var ei ærleg, direkte og redeleg livshistorie.

Verdas beste verdame, som ho vart kalla, Eli Kari Gjengedal, knytta saman kvelden på ein framifrå måte. Ho hadde laga artige sponsorinnslag, og var sporty, energisk og morsom i kommentarane sine. Knallbra, Eli Kari!

No gler vi oss til NM. Vi er inspirert og stolte av å vere saman om å få dette til, her i bygda. Og frå ein kollega fekk vi kake i dag, fordi ho sette pris på oss alle. Og det er gjensidig. Innimellom treng ein berre å få augene opp for kva vi har å vere takknemmeleg for. Vi har det kjekt, og vi skal få det knakande kjekt på NM i friidrett!

lørdag 18. juni 2011

Høgre-kandidatane i Nordfjord samlar seg

Vil farge Nordfjord blått!

13. juni var stortingsrepresentant Bjørn Lødemel, ordførarkandidatar og fylkestingskandidatar frå Nordfjord samla til felles møte på Stokkenes gard på Nordfjordeid. Alle ønskjer å bidra til at Nordfjord blir farga blått, etter valet i september. Dette er viktig, for å få eit auka fokus på trygge lokalsamfunn i heile Nordfjord.

Høgre-representantane som var samla på Eid, ser at det er avgjerande å samarbeide om felles saker. Til saman representerer Nordfjord 30 000 innbyggjarar, og vi står sterkare om vi står samla. Ordførarkandidatar, fylkestingskandidatar og stortingsrepresentanten vår - er alle opptekne av at innbyggjarane skal oppleve å bu i eit trygt lokalsamfunn. Då er politidekninga i regionen, ei av dei store utfordringane. I heile Sogn og Fjordane er dekninga no 1,1 per 1000 innbyggjar. Målet er 2,0. Bjørn Lødemel har stilt spørsmål til justisminister Knut Storberget om, og kva dei raud-grøne har tenkt å gjere med dette.

Den lave politidekninga ser vi no utslaget av. På Eid har det vore fire innbrot i butikkar. Når utrykningstida kan vere opp mot 45-60 minutt, utgjer ikkje politiet ein trussel for aust-europeiske bandar, som kvar sommar tek nokre raid på i regionen. At utrykningstida er blitt vesentleg lenger, gjer også at politiet i fleire tilfelle er siste etaten som kjem fram til ulykker. Dette er etaten som skal sikre skadestad og gjere undersøkingar. Det er ikkje godt nok.
Høgre-representantane er svært uroa for dei aukande narkotika-miljøa i heile Nordfjord. Dette er eit utslag av at politiet ikkje kan jobbe med førebyggjande arbeid på lang sikt. Politiet gjer ein god jobb utifrå ressursane dei har, men dei treng å få auka midlar for å kunne prioritere førebyggjande arbeid.
Lensmanskonstoret i Selje er lagt ned. Dette gjev dårlegare dekning for den langstrakte kyst-kommunen, så lenge det ikkje blir auka opp med fleire stillingar for Vågsøy som no skal dekke Selje.

Høgre legg fram eit revidert nasjonalbudsjett i neste veke, der partiet set av 100 millionar meir i auka midlar til politiet. Dette gjer Høgre, fordi vi er opptekne av å auke politidekninga. Politimeister Johan Brekke har uttala at dersom han får 40 nye stillingar, så vil vi vere oppe i ei dekninga på 1,5 polititenestemann per 1000 innbyggjar. Dette vil vere vesentleg betre enn det vi har - men framleis eit stykke fram til målet om 2,0 - som står i strategiplanen politi 2020.

Nordfjord-representantane som var samla på Eid, er einige om at auka løyvingar til politiet er ei svært viktig sak for å få trygge lokalsamfunn for alle våre 30 000 innbyggjarar.


Bildetekst: Magny H Myklebust (ordførarkandidat Selje), Bjørn Lødemel (stortingsrepresentant), Olin Johanne Henden (2. kandidat fylkestinget), Sven Flo (ordførarkandidat Stryn), Liv Stave (7. kandidat fylkestinget), Aina Jøranli Heggen(ordførarkandidat Eid), ) Sjur Atle Austrheim (ordførarkandidat Gloppen), Toril Aalesrud Fjørtoft (nestleiar Sogn og Fjordane Høgre). Edvin Haugen (ordførar Hornindal) og Morten Hagen (ordførarkandidat Vågsøy) var forhindra frå å møte.

mandag 6. juni 2011

Bokmelding

Burlesk humor frå dei finske skogane

No har eg nett avslutta boka "Den senile landsmåleren" av Arto Paasilinna. Det var ei frodig bok!

Den tok tak i meg frå starten av. Handlinga er om landsmålar Taavetti Rytkönen som lir av demens, og som leiger drosjesjåfør Seppo Sorjonen til å køyre han rundt. Taavetti veit ikkje sjølv kor han bur, kven han er og kor han skal. Handlinga blir dreven fram av Taavetti sine ønskjer om stadar han vil oppleve. Drosjesjåføren får ein godhet for passasjeren sin, som gjer at Seppo til slutt leverer inn drosja, leiger ein bil, og dreg på langtur med passasjeren sin.
Korleis ferda endar i finske myrar på jakt etter ti oksar - med 12 franske damer, to albanarar og ein bonde med broten lårhals på laget - det må du berre lese boka for å finne ut.

Godt språk, artige betraktningar, gode poeng bak ei frodig handling og eit mildt sagt variert persongalleri - denne boka kan anbefalast.

fredag 3. juni 2011

Sirkus FrP er i gong

FrP-Djuvik bommar fullstendig

Leiar i FrP i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, gjekk i går hardt ut på Twitter mot ordførarkandidat i Vågsøy, Morten Hagen. Djuvik skuldar han for løgn, og viser til ei sak som NRK SF har skrive, der Hagen uttalar:
-Høgre har sagt at vi må ha ei avklaring med nasjonal helseplan, før sjukehusstrukturen i landet blir vedtatt.
At Djuvik drar i gong eit sirkus og kallar dette for løgn, er fullstendig skivebom. Høgre har foreslått ein nasjonal sjukehusplan i Stortinget og stemt for dette. Høgre ønska ein nasjonal sjukehusplan for å sjå tenestetilbodet til innbyggjarane i Norge i samanheng. Dette vart nedstemt, og fekk ikkje fleirtal.
Det Djuvik tydelegvis er sur for, er at Høgre ikkje stemte saman med FrP i eit uforsvarleg forslag om å fryse alle endringsprosessar i heile Norge.

Så er det jo interessant å merke seg korleis Djuvik vil debattere med sine meiningsmotstandarar i valkampen. Han slenger ut slike alvorlege skuldingar i eit sosialt media til sine 198 følgjarar, utan at Morten Hagen er tilstades her. Ein slik debatt-strategi frå FrP er tankevekkande.

torsdag 2. juni 2011



Fotballutstyr til Farao Village i Zambia

På bildet ser de Shangai, som held fotballdrakter G-sport Sandane og eg sponsa.
I oktober 2010 var eg på reise i Afrika, og hadde Shangai og Chris som guidar på ein spektakulær tur på Zambezi-elva. Desse to karane er engasjert i arbeid mot AIDS, organiserer fotball-lag og samlar inn pengar til og byggjer opp skular. Dei spør meg om å bidra, og det gjer eg gjerne. Skal eg vere ærleg, er det vel mest for å gje meg godt samvit. På reise i det som er klassifisert som U-land, ser eg levestandard som mine besteforeldre fortalte om her i Norge på 30-talet. Eg tenkjer på alle mulighetar som eg har, i motsetning til dei på min alder i f.eks Zambia. Då gjev det meg godt samvit å bidra med det vesle eg kan. Egoistisk, ja.

På reise i fattige land, slår det meg at dei er så mykje betre til å glede seg over det som vi karakteriserer som dei "små ting". For mange av dei er det ikkje noko problem å velje kva dei skal ha til middag. Det er ris og noko attåt - om dei er heldige. I ein slik kvardag er leik og moro ei glede i livet. Fotballbana har ikkje striper og 16-meter merke. Den er av tørr jord og litt gras. Likevel har dei stor glede av kampen og spelet.

Dei som karakteriserer fotballutstyr (med meir) til ein fattig landsby som naivt og feil prioritering, kan heller ta grep og sponse det som dei meiner ville vere riktig. Kanskje nokon vil vere med å sponse oppbygging av barneskule, eller AIDS-prosjekt? Mulighetane er mange. Med vår overveldande rikdom har vi ei plikt til å bidra, enten det er eit fadderbarn eller andre prosjekt vi finn meiningsfulle. Utfordringa er herved sendt vidare.

søndag 29. mai 2011

Takk for inspirasjon!

Tysdag 24. mai hadde Gloppen Høgre gleda av å ønskje Arne Hjeltnes velkomen til bygda.

På programmet stod besøk i Kandalen hos Kandal Kjøt og gründer Bjørn Nygård. Her var også Fjellestad gardsmat som starta gombeproduksjon for 31 år sidan. Vi fekk sjå og høyre om personar som ønskjar å skape noko, som søkjer løysingar framfor problem og som ikkje gjev opp om der er motbakkar. Dette gjeld også for Gloppen Mat ved Bodil Fjellestad. Etter ein diskusjon i media om kor dårleg norsk mat er, så gjer alle desse lokalmatprodusentane dette til skamme. Vi treng berre fleire av desse gründerane.

På kvelden hadde Arne Hjeltnes ein framifrå presentasjon om sine tankar om verdiskaping i Norge, etter fleire år i Kina og USA. Hjeltnes er oppteken av levande bygder og dei unike verdiane vi har i Norge. Han meiner vi må vere meir opptekne av småkapitalistane, som står på og gjer sitt beste for å skape eit overskot som gjer at ein kan fortsetje eitt år til.

Det gjorde godt å høyre. Eg er så lei av Jens sine negative uttalar om oss som betalar formueskatt. Med eit lett hånleg flir meiner han at "milliardærane" har råd til å betale formueskatten. Men han veit så inderleg vel at 2/3 av dei som betalar denne skatten er eigarar av små- og mellomstore bedrifter. Det er veldig få eg kjenner som har noko meir enn ei normal lønnsinntekt på sin business. For min eigen del får eg minst løn utbetalt av alle tilsette, etter at alle skattane er betalt. Samtidig er eg den som jobbar flest timar, som har minst ferie, som jobbar når tilsette er sjuke, som er tilgjengeleg døgnet rundt for tilsette og kundar, og ikkje minst som tek risikoen ovanfor banken.

Difor er eg medlem og aktiv i Høgre. Fordi dette partiet er det einaste som ser at det er viktig at vi har småkapitalistar, og som er villige til å leggje forholda til rette for dei. Mitt eksempel er ikkje det verste. Der er andre som må ta opp lån for å betale formueskatten, og andre som betalar meir i skatt enn dei har i inntekt. Istadenfor å la pengane vere i bedrifta for vidareutvikling, må aktive eigarar difor tappe eigenkapital frå bedrifta for å kunne ha pengar til å leve for.

Neste gong eg lurer på om eg er mindre intelligent fordi eg ikkje har ein jobb i det offentlege med god løn, ordna arbeidstid og arbeidsforhold, gode pensjonar og ein sikker og trygg arbeidsplass, skal eg hugse på Hjeltnes sine positive ord om småkapitalistane. For skal AS Norge gå rundt i framtida, må vi ha fleire av dei for å kunne betale for velferden. Difor er det ikkje likegyldig om Erna blir statsminister i 2013. Det er nødvendig for den framtidige velferden vår.

lørdag 23. april 2011

Muligheter

Dette har vore ei annleis påske så langt.
19. februar braut eg skuldra, då ein kar køyrte inn i meg i ei skiløype i Hemsedal. Ingen andre var i løypa, tidleg på morgonen. Han hadde rikeleg med plass, men traff meg. Ikkje høyrte eg eller såg han før det small.

Innimellom er dei bitre tankane i ferd med å ta meg. Eg veit ikkje om eg nokongong får tilbake ein normal bevegelse i skuldra. Mange med skulderproblem har kroniske smerter, sjølvsagt ønskjer eg ikkje eit liv med det. Legen meiner det er nok om eg kan klø meg i hovudet med høgre armen. Eg er ikkje nøgd med det. Eg har ein kajakk i hagen, og ønskjer fortsatt å leve eit aktivt liv.

Samtidig veit eg at eg har utruleg mykje å vere takksam for. Og eg veit at eg sjølv kan bestemme mykje av utfallet av det som skjedde for to månader sidan. Trening og aktivetet er noko av det som skal bidra til at eg blir bra. Og det kan eg gjere noko med sjølv.

Det har vore nokre milepælar dei siste to månadane. Etter seks veker klarte eg å køyre bil. Etter sju veker kunne eg begynne å jobbe litt igjen. Etter to månadar gjekk eg ein ordentlig fjelltur, på Kyrkjebønosi i Hemsedal. Gleda har vore stor ved å nå desse milepælane. Eg må hugse på dette, dei dagane eg berre ser alt eg ikkje klarer i forhold til slik eg var før ulukka.

Totalt sett veit eg at eg har lite å klage over. Samanlikna med det mange andre opplever i livet, er dette ei fillesak. Det er viktig å sjå det i eit perspektiv. For mitt liv er det likevel viktig. Og eg veit eg er utruleg heldige som bur i eit land der eg har mulighet for å få kvalifisert hjelp til å bli frisk.

Livet gjev ein nokre utfordringar, og det er måten ein taklar desse på, som har noko å seie. Om eg ikkje har kunne brukt skia på to månader, har eg gjort anna. Det har gitt meg nokre kilometer under beina på asfalt, med mykje god musikk og radio på øyret. Eg hadde lenge ønska å begynne å blogge, og fekk tid til å starte opp med det då eg var sjukmeldt. Om eg ikkje har kunne køyrt bil, så har eg teke buss og haika. Eg har haika med stortingsrepresentant, konsernsjef og trailersjåfør. Det er alltid interessant å kunne prate med folk om kva dei er opptekne av, uansett yrke eller posisjon.

Så ja, totalt sett ser eg mykje positivt. Og så veit eg at eg sjølv er den einaste som kan bestemme om det som skjedde 19. februar skal få gjere meg til ei bitter møy som ser begrensingane det har skapt. Alternativet er at eg kan sjå mulighetane eg har i situasjonen min. Eg kan sjølv bestemme mykje av utfallet utifrå innsatsen eg legg ned og behandlinga eg får (eller må krevje) i helsevesenet.

I dag var eg på Kyrkjebønosi i Hemsedal. Herleg tur. Ein tur som gir håp om eit aktivt liv framover. Eg kjenner at eg er heldig.

Fortsatt god påske!

tirsdag 12. april 2011

Paradokset

I etterkant av vedtaket som den raud-grøne regjeringa gjorde om fødeavdelinga i Eid, så er det fleire som hevdar dette er gjort for å gje eit betre tilbod. Dette fordi ein får samla fleire fødslar i Volda og i Førde. Eit anna argument som er brukt, er kortare avstand. For alle som kjenner til geografi og den nye, mykje omtala Kvivsvegen, så veit vi at kun 1000 innbyggjarar av 30 000 får kortare veg.

Då står vi igjen med betre kvalitet med samling av fleire fødslar. Dersom ein ser på ein statistikk som seier noko om god kvalitet på fødselsomsorgen, er det revning under fødsel. Dette er noko som kan føre til store plager for kvinner resten av livet. Den siste oversikten viste at det er fleire alvorlege tilfeller av dette i Førde enn i Eid. I samband med dette vart det uttala at slike skader ser ein ofte meir av på større sjukehus, meir enn mindre.

Paradoks 1
I og med at avstandane til sjukehusa aukar med omlegginga, vil det bli fleire transportfødslar. Dette har utviklinga i Norge vist dei siste åra, og årsaka er nettopp nedlegging av fødeavdelingar. Og kan nokon vere så snill å forklare meg kvifor fleire fødslar i privatbilar eller ambulansar gir ein betre kvalitet på tenesta?

Paradoks 2
Fleire hevdar at kvinnene i Nordfjord får eit betre tilbod når vi no får fødestove istadenfor fødeavdeling. Overjordmor Linda Grotle Hauge har uttala til NRK at ho ikkje vil jobbe der. Korleis kan ein hevde at ei stove der ikkje jordmødre vil jobbe fordi det ikkje er fagleg forsvarleg, skal gje betre fødselshjelp?

Det hadde vore fint om dei som hevdar at nedlegginga av fødeavdelinga på Eid vil gje betre kvalitet, kan begrunne dette.

fredag 8. april 2011

Om glasstak og takluker

Eit høgst personleg innlegg utan vitenskapeleg belegg: 

Ideen til dette innlegget, fekk eg etter spørsmålet @Loveleenbrenna la ut på Twitter: Er det ulik tykkelse på glasstakene? Mitt svar var at der kanskje er ei takluke. Eg svarte også at det er viktig å sjå etter muligheter og ikkje hindringar. Det er ein generell leveregel som lett kan bli ein floskel.

Min bakgrunn er frå politikk, ulike styrer og eigar av tre bedrifter.
Vi er fem søstre, og min far har i heile vår oppvekst vore oppteken av å fortelje oss at vi hadde like mulighetar som alle andre. Som yngste søster tok eg valget om å overta familiebedrifta for 11 år sidan, 27 år gammal. Far meinte eg var klar og ville gjere ein god jobb. Det ga meg mot til å ta steget.

Som ung og nyutdanna meinte eg i min naivitet at kvinner og menn vart behandla likt. Eg trudde det var eit spørsmål om å vere dyktig nok. Heilt til eg skulle delta på salgskurs. Eg var einaste kvinne. Kurshaldaren opna og krydra kurset med stadige porno-vitsar. Eg stussa over dette, syntes det var merkeleg. Då han avslutta kurset med å dele ut slipsnål til alle deltakarar, var vegen kort til å skrive kommentarar på evalueringsskjemaet. Etter nokre dagar kom eit handkle i posten, med eit visittkort og hyggjeleg helsing. Bodskapen var motteken.

Dette blir eit ekstremt eksempel, og blir meir latterleg enn eksempel på glasstak. Men det seier noko om virkeligheten vi lever i. Slike eksempel seier også noko om ei haldning som kan bli overført på andre arenaer. Ein gong vart eg valgt inn som varamedlem i eit råd. Rådet bestod berre av menn, alle andre vararepresentantane var menn, og i administrasjonen jobba det berre menn. Etter at eg var valgt, kvitra ein fugl til meg at dei frykta eg skulle bli kalla inn til møte. Då kunne dei ikkje gå på strippeklubb, noko dei brukte å gjere i samband med desse rådsmøta.

Sjølvsagt vart eg aldri kalla inn. Var der noko takluke? Nei. Kanskje burde eg ha sagt frå høgt og tydeleg i offentlighet. Men for å vere ærleg, desse karane gadd eg ikkje å bruke tid saman med. Den kampen ville kosta meir enn den smakte.

Istadenfor har eg funne andre arenaer, og det gjer at eg meiner det er viktig å fokusere på taklukene. Heldigvis er det ikkje mange menn som dei i rådet. Eg trur deira avvisning handla om at dei var redde for at eg skulle øydelegge kulturen dei hadde på sine møter. Hvis eg ville ha innynda meg, kunne eg ha overbevist dei om at eg ikkje hadde noko i mot strippeklubbar. Men det har eg, og eg kunne ikkje gå på akkord med meg sjølv. Heldigvis kunne eg velje det vekk, utan at det ga store konsekvensar.

For å få innpass og bryte glasstaket, handlar det mykje om å forstå og delta i kulturen. I nokre tilfelle er det  å følgje med på fotballresultat og sjå nokre kampar. I andre samanhengar kan det vere skiturar og puddermengde. Dette er viktig for å skape eit fellesskap, utan at ein skal gå på akkord med seg sjølv. Det er viktig fordi ein må snakke godt saman i pausar, under middagen osv. Å vise at ein ønskjer å vere ein del av kulturen, er ei takluke. Det dummaste ein gjer er å stille seg i ein krok og snakke med andre damer om at ein ikkje får innpass.
Dette forutsetter at miljøet og kulturen er noko du ønskjer å vere ein del av.

For nokre år tilbake var eg med i Fyrtårn-programmet til Innovasjon Norge. 26 kvinnelege eigarar og leiarar frå heile Norge hadde fleire samlingar i løpet av eitt år. Det var interessant, både positivt og negativt. Ein fare med slike kvinnesamlingar kan vere at det blir for mykje fokus på glasstak og hindringar. Eg trur at ein gjer seg sjølv ei bjørneteneste med å fokusere for mykje på det.

Til slutt to råd:
1) Ikkje snakk for mykje med dei som har negative erfaringar. Snakk med dei som har posisjonar eller som har oppnådd noko du ønskjer. Spør kva dei har gjort og korleis dei fekk det til.
2) Lær om hersketeknikkar, som kan bli brukt bevisst eller ubevisst. Det er viktig for å lære om det språket som overgår alle andre språk; kroppsspråket.

Olin J

PS. I samband med dette innlegget har eg opna ein boks med tallause eksempel på hersketeknikkar frå menn. Det dreiar seg oftast om latterleggjering av meg som "sjef", som dei seier. Boksen opnar eg sjeldan. Eg blir så sur av det, heilt til eg til slutt bestemmer meg for å legge på lokket og le høgt og lenge. Det blir for dumt, og eg vil bruke minst muleg energi på negativ historie. 

fredag 1. april 2011

Ein trist dag

Fødeavdelinga blir lagt ned på Nordfjordeid. Dei tilsette vart informert over radioen. Som arbeidsgjevar krympar eg meg over dette. Det er ein arrogant og lite respektfull måte å behandle sine tilsette på.

I samband med Bernt Høie (Høgre) sitt besøk på Nordfjordeid og fødeavdelinga, fekk eg vere med i halehenget. Eg vart imponert over den stå-på viljen dei tilsette har, trass i nedleggingsspøkelset dei har hatt hengande over seg i fleire år. Dei brenn for å gje eit godt fødetilbod. Dei er opptekne av kvinnehelse. Mange takke-helsingar i avisa understrekar at pasientane er svært godt nøgde. Med dagens vedtak er det ikkje berre fødetilbodet som fell vekk. Også det gynekologiske dagtilbodet fell vekk. Vi er mange som har vore svært nøgde med dette.

Det verkar så urimeleg at eit sjukehus, ein organisasjon, ein gjeng med topp motiverte tilsette og eit godt fagmiljø skal takast vekk.

Tilliten til helseministeren blir ikkje sterkare av at ho påstår at dei fleste i området får betydelig kortare reiseveg til Volda med den nye Kvivsvegen. Leit fram kartet og studer det, Strøm-Erichsen. Dette er ikkje riktig for dei som bur på kysten. Det blir ikkje ein millimeter kortare veg for dei. Det er ikkje første gong ho tek feil av geografien. Dersom ein ikkje har kontroll på fjordar, fjell og vegar, er avgjerande å sjekke dette før ein legg ned fødeavdelingar.

Med dei fleste andre tilbod kan vi finne alternative, private behandlingar eller undersøkjingar. Når det gjeld fødetilbod så har vi ikkje andre mulighetar. Vi kan ikkje kome tilbake neste dag når det er betre føreforhold. Vi kan ikkje hoppe over raset eller fly gjennom tåke.

Avgjerda er gjort. Det vi no må sikre oss, er at følgjetenestene og jordmortenestene blir gode. Kva regjeringa her tenkjer og set krav om ovanfor foretaka, blir interessant. Det seiest at dersom reisetida er over 1,5 time, skal det vere følgjeteneste med jordmor. Dette blir ikkje praktisert i dag. Kommunane får no ansvar for å overta jordmortenestene, er det sagt i dag. Korleis skal dei sikre god dekning av jordmødre i kommunane som no ikkje har fulle stillingar, utan at dei får overført betydelege midlar? Det er også mangel på jordmødre over heile landet. Kva plan har regjeringa på å gjere noko med det?

Høgre har sett krav om følgjeteneste ved over 1 time reiseveg. Dersom Høgre får regjeringsmakt i 2013, er det dette vi skal arbeide for. Høgre har også ei rekkje andre tiltak for å sikre ei god fødselsomsorg. Difor er eg glad over å kunne vere kvinnepolitisk ansvarleg i eit parti som tek kvinnehelse på alvor. Og som veit kor vegane går mellom fjordar og fjell.

tirsdag 29. mars 2011

Om E39 og bru over Nordfjorden


Alle burde vere kvarandre nærast

Ein pompøs tittel, vil nokre meine. Og det er ein fare for å bli pompøs når ein skal løfte blikket, sjå visjonar og prøve å samle Sogn og Fjordane til eitt rike.  Avisa Firda meiner alle er seg sjølv nærast når det gjeld framtidig val av E39 trasè. Men eg undrast på kven Firda, som fylkets største avis, er nær. På leiarplass tek avisa til orde for at vegen ikkje skal gå i folkerike område der den kan ha samfunnsnytte. Målet er ein veg som skal bringe traileren frå Danmark til Trondheim så kjapt som muleg. Og kva nytte vegen gjer i Sogn og Fjordane skal ikkje bety noko.

Når eg reiser rundt i fylket og møter driftige folk som står bak eller arbeider i store verksemder, er det eitt tema som går att: Gje oss infrastruktur som er god. Det vil seie vegar, flysamband, båtruter, breiband og kommunikasjonar som gjer det muleg å drive den næringsaktiviteten mange har pågangsmot og kompetanse til å drive. Og som Sogn og Fjordane er så avhengig av.

Det er ikkje utan grunn at ein ønskjer kystveg. Vi er mange som ser at det er viktig at kysten blir knytt sterkare saman. 45-minuttsregionen vil ha mykje å seie for kommunikasjonen på kysten, som igjen er avgjerande for utviklinga av næringsliv og tilflytting. Dette er vi heilt avhengige av å ha i Sogn og Fjordane. I Høgre er vegsambandet allereie prioritert med eigen budsjettpost.
Dalsfjordbrua er eit viktig vegprosjekt, som kan utløyse aktivitet i HAFS-regionen. Den mest berømte vegen i Sogn og Fjordane er mellom Olden og Innvik, og den er det no kontinuerleg arbeid på for å ruste opp. Alt for seint, men det blir jobba med. I Sogn er det god veg frå Skei og til Lærdal, og dette er viktig for oss alle i Sogn og Fjordane, for å få transportert varene våre mot Austlandet og oss sjølve over fjellet.

Då undrar det meg at nokre tek til orde, deriblant Firda, for at det viktigaste med E39 er at ein skal komme seg fortast muleg forbi Sogn og Fjordane. Kven vegen skal tene i vårt fylke er tydelegvis heilt irrelevant og blir sett på som eit latterleg argument. I KVU-arbeidet er det rekna på minuttet kor lang reisetid dei ulike traseane vil gje. Skal vi følgje linja til Vegvesenet og Firda om å velje den kjappaste og rettaste vegen, så er det traseen med bru i midtre Nordfjord og Stigedalen som då skal bli valt. Dersom ein skal flytte den inn til Stryn, så er ein avhengig av bru for å ha den korte reisetida som er stipulert. Som Jon Gimmestad i Gloppen Næringsorganisasjon og nokre i transportbransjen har påpeika, så vil det bli vanskeleg å finansiere ei slik bru med bompengar. Brua vil ikkje avløyse behovet for ferje, og dei som brukar vegen oftast vil enten bruke ferja eller køyre til Stryn.
Traseen gjennom Stigedalen er dyrare, vil mange bruke som motargument. Då er det viktig å hugse på at brua innerst i fjorden ikkje vil utløyse ferjeavløysingsmidlar. Den vil ikkje tene Nordfjordregionen i forhold til å binde oss saman, fordi den er for langt frå tettstadane. Den vil difor ikkje generere bompengar i same grad.

Der er lagt ned mange millionar i veg allereie utifrå eksisterande trasè. Frå Sandane til Anda er det allereie ny og framifrå, god veg. Med dei investeringane som det blir lagt opp til i E39 langs heile Vestlandet, så blir det interessant å sjå korleis noverande regjering har tenkt å finansiere investeringane som kjem på fleire titals milliardar kroner. Dersom vi nyttar eksisterande trase, med den nye Kvivsvegen vidare nordover, vil ein ha eit meir realistisk, økonomisk prosjekt som gir verdi til det som allereie er lagt ned i samferdslekroner. I 2011 blir flyplassen på Anda opna med forlenga rullebane etter nye tryggleikskrav. Det er ikkje berre glopparar som nyttar Anda lufthamn. For samfunnsøkonomien og for innbyggjarane i heile Nordfjord, er det viktig å utvikle infrastrukturen til flyplassen for å gje eit best muleg tilbod.

Det verkar som om det ikkje skal vere eit gyldig argument å ta opp regional utvikling, omsynet til eit bu-og arbeidsområde og utviklinga av Nordfjord som region. Desse argumenta er gyldige for brubygging i Dalsfjorden og 45-minuttsregionen. Men ikkje når det gjeld E39, og ikkje når det gjeld Nordfjord. Det skal ikkje vere muleg å ha to tankar i hovudet samtidig. 

Vi veit at det er mest regional trafikk langs E39. Den bilen som startar i Førde, ser du sannsynlegvis ikkje att i Volda. Sjølvsagt skal ein sørgje for at det er kort reisetid for dei som køyrer langt, men det må samtidig vere viktig at vegen går forbi dei mest folkerike områda. Eg synes det er skuffande og underleg at Sunnfjord-regionen ikkje har eit sterkare ønskje om at Nordfjord skal få eit betre vegsamband som gjer at vi kan utvikle oss. Alle dei fine orda som mange brukar om at fogderi-striden burde bli lagt død, er det ikkje på tide å stå opp og vise det?

Olin Johanne Henden
Styremedlem Nordfjordkryssing AS
2. kandidat fylkestingslista Sogn og Fjordane Høgre 

fredag 25. mars 2011

Starten

Dette er mitt første innlegg på bloggen, og eg lurer på kva eg har gjort. Her sit eg med eit blogg-verktøy som eg knapt forstår. Med tekniske utfordringar har eg likevel ein plan om å kringkaste mine meiningar. Fallhøgda er der. Men det er ikkje noko nytt. 


For mange år sidan oppdaga eg at eg hadde høgdeskrekk. På toppen av Slogen såg eg plutseleg 1800 meter rett ned. Eg vart kvalm, svimmel og følte eg måtte hoppe. Eg kom meg ned i fosterstilling og såg ikkje meir på utsikta. Det enda med at eg kraup ned frå toppen på alle fire. Sidan den gongen har eg ikkje vore på Slogen igjen. Likevel har eg gått på andre fjelltoppar. Det er utruleg irriterande å ha høgdeskrekk når eg er så glad i naturopplevingane det gir meg å klatre på høge fjell. Og eg nektar å la redselen stogge meg. For ofte går det heilt fint, og eg kunne latt vere å kvi meg. 


Det gjev meg litt samme kjensla å skulle vere ein offentleg person. Det er tryggare å kringkaste mine meiningar til mine nærmaste, for då har eg meir kontroll med korleis det blir tolka, og dei kjenner samanhengen og konteksten. Fallhøgda er større ved å rope det ut til dei som finn fram til bloggen min. 


Samtidig er eg oppteken av at det er viktig at ulike menneske engasjerer seg. Det gjev ulike perspektiv, og det er viktig i den offentlege debatten. Muleg eg er ein kvinnesjåvinist, men fakta er at nokre kvinner har inspirert meg til å lage min eigen blogg. Det er Erna Solberg, Eli Bjørhusdal (jostedalsrypa), Trude Brosvik, Bente Øien Hauge, Hege Lothe og Elin Ørjaseter (Det glade vannvidd). Dette er høgst ulike kvinner som eg ikkje nødvendigvis er einig med (bortsett frå Erna Solberg). Men eg likar å lese kommentarane deira og høyre uttalar dei kjem med. Dei inspirerer og engasjerer fordi dei kjem med andre perspektiv og tør å stå oppreist om det bles friskt. 


Med ei tidlegare karriere som journalist, har eg også ønskje om å skrape rusten av mi språklege formuleringsevne. Så får tida vise om eg får tid til å legge ut nokre fjordblikk her. Nett no lever eg etter "african time" pga ei brota skulder. Det har gitt meg nokre kjedelege hinder i tilværet, og opna nye muligheter. Det gjeld berre å tørre å klatre litt, nyte utsikten og sjå dei mulighetane som byr seg. Sjølv om fallhøgda blir større. 


Olin Johanne