lørdag 23. april 2011

Muligheter

Dette har vore ei annleis påske så langt.
19. februar braut eg skuldra, då ein kar køyrte inn i meg i ei skiløype i Hemsedal. Ingen andre var i løypa, tidleg på morgonen. Han hadde rikeleg med plass, men traff meg. Ikkje høyrte eg eller såg han før det small.

Innimellom er dei bitre tankane i ferd med å ta meg. Eg veit ikkje om eg nokongong får tilbake ein normal bevegelse i skuldra. Mange med skulderproblem har kroniske smerter, sjølvsagt ønskjer eg ikkje eit liv med det. Legen meiner det er nok om eg kan klø meg i hovudet med høgre armen. Eg er ikkje nøgd med det. Eg har ein kajakk i hagen, og ønskjer fortsatt å leve eit aktivt liv.

Samtidig veit eg at eg har utruleg mykje å vere takksam for. Og eg veit at eg sjølv kan bestemme mykje av utfallet av det som skjedde for to månader sidan. Trening og aktivetet er noko av det som skal bidra til at eg blir bra. Og det kan eg gjere noko med sjølv.

Det har vore nokre milepælar dei siste to månadane. Etter seks veker klarte eg å køyre bil. Etter sju veker kunne eg begynne å jobbe litt igjen. Etter to månadar gjekk eg ein ordentlig fjelltur, på Kyrkjebønosi i Hemsedal. Gleda har vore stor ved å nå desse milepælane. Eg må hugse på dette, dei dagane eg berre ser alt eg ikkje klarer i forhold til slik eg var før ulukka.

Totalt sett veit eg at eg har lite å klage over. Samanlikna med det mange andre opplever i livet, er dette ei fillesak. Det er viktig å sjå det i eit perspektiv. For mitt liv er det likevel viktig. Og eg veit eg er utruleg heldige som bur i eit land der eg har mulighet for å få kvalifisert hjelp til å bli frisk.

Livet gjev ein nokre utfordringar, og det er måten ein taklar desse på, som har noko å seie. Om eg ikkje har kunne brukt skia på to månader, har eg gjort anna. Det har gitt meg nokre kilometer under beina på asfalt, med mykje god musikk og radio på øyret. Eg hadde lenge ønska å begynne å blogge, og fekk tid til å starte opp med det då eg var sjukmeldt. Om eg ikkje har kunne køyrt bil, så har eg teke buss og haika. Eg har haika med stortingsrepresentant, konsernsjef og trailersjåfør. Det er alltid interessant å kunne prate med folk om kva dei er opptekne av, uansett yrke eller posisjon.

Så ja, totalt sett ser eg mykje positivt. Og så veit eg at eg sjølv er den einaste som kan bestemme om det som skjedde 19. februar skal få gjere meg til ei bitter møy som ser begrensingane det har skapt. Alternativet er at eg kan sjå mulighetane eg har i situasjonen min. Eg kan sjølv bestemme mykje av utfallet utifrå innsatsen eg legg ned og behandlinga eg får (eller må krevje) i helsevesenet.

I dag var eg på Kyrkjebønosi i Hemsedal. Herleg tur. Ein tur som gir håp om eit aktivt liv framover. Eg kjenner at eg er heldig.

Fortsatt god påske!

tirsdag 12. april 2011

Paradokset

I etterkant av vedtaket som den raud-grøne regjeringa gjorde om fødeavdelinga i Eid, så er det fleire som hevdar dette er gjort for å gje eit betre tilbod. Dette fordi ein får samla fleire fødslar i Volda og i Førde. Eit anna argument som er brukt, er kortare avstand. For alle som kjenner til geografi og den nye, mykje omtala Kvivsvegen, så veit vi at kun 1000 innbyggjarar av 30 000 får kortare veg.

Då står vi igjen med betre kvalitet med samling av fleire fødslar. Dersom ein ser på ein statistikk som seier noko om god kvalitet på fødselsomsorgen, er det revning under fødsel. Dette er noko som kan føre til store plager for kvinner resten av livet. Den siste oversikten viste at det er fleire alvorlege tilfeller av dette i Førde enn i Eid. I samband med dette vart det uttala at slike skader ser ein ofte meir av på større sjukehus, meir enn mindre.

Paradoks 1
I og med at avstandane til sjukehusa aukar med omlegginga, vil det bli fleire transportfødslar. Dette har utviklinga i Norge vist dei siste åra, og årsaka er nettopp nedlegging av fødeavdelingar. Og kan nokon vere så snill å forklare meg kvifor fleire fødslar i privatbilar eller ambulansar gir ein betre kvalitet på tenesta?

Paradoks 2
Fleire hevdar at kvinnene i Nordfjord får eit betre tilbod når vi no får fødestove istadenfor fødeavdeling. Overjordmor Linda Grotle Hauge har uttala til NRK at ho ikkje vil jobbe der. Korleis kan ein hevde at ei stove der ikkje jordmødre vil jobbe fordi det ikkje er fagleg forsvarleg, skal gje betre fødselshjelp?

Det hadde vore fint om dei som hevdar at nedlegginga av fødeavdelinga på Eid vil gje betre kvalitet, kan begrunne dette.

fredag 8. april 2011

Om glasstak og takluker

Eit høgst personleg innlegg utan vitenskapeleg belegg: 

Ideen til dette innlegget, fekk eg etter spørsmålet @Loveleenbrenna la ut på Twitter: Er det ulik tykkelse på glasstakene? Mitt svar var at der kanskje er ei takluke. Eg svarte også at det er viktig å sjå etter muligheter og ikkje hindringar. Det er ein generell leveregel som lett kan bli ein floskel.

Min bakgrunn er frå politikk, ulike styrer og eigar av tre bedrifter.
Vi er fem søstre, og min far har i heile vår oppvekst vore oppteken av å fortelje oss at vi hadde like mulighetar som alle andre. Som yngste søster tok eg valget om å overta familiebedrifta for 11 år sidan, 27 år gammal. Far meinte eg var klar og ville gjere ein god jobb. Det ga meg mot til å ta steget.

Som ung og nyutdanna meinte eg i min naivitet at kvinner og menn vart behandla likt. Eg trudde det var eit spørsmål om å vere dyktig nok. Heilt til eg skulle delta på salgskurs. Eg var einaste kvinne. Kurshaldaren opna og krydra kurset med stadige porno-vitsar. Eg stussa over dette, syntes det var merkeleg. Då han avslutta kurset med å dele ut slipsnål til alle deltakarar, var vegen kort til å skrive kommentarar på evalueringsskjemaet. Etter nokre dagar kom eit handkle i posten, med eit visittkort og hyggjeleg helsing. Bodskapen var motteken.

Dette blir eit ekstremt eksempel, og blir meir latterleg enn eksempel på glasstak. Men det seier noko om virkeligheten vi lever i. Slike eksempel seier også noko om ei haldning som kan bli overført på andre arenaer. Ein gong vart eg valgt inn som varamedlem i eit råd. Rådet bestod berre av menn, alle andre vararepresentantane var menn, og i administrasjonen jobba det berre menn. Etter at eg var valgt, kvitra ein fugl til meg at dei frykta eg skulle bli kalla inn til møte. Då kunne dei ikkje gå på strippeklubb, noko dei brukte å gjere i samband med desse rådsmøta.

Sjølvsagt vart eg aldri kalla inn. Var der noko takluke? Nei. Kanskje burde eg ha sagt frå høgt og tydeleg i offentlighet. Men for å vere ærleg, desse karane gadd eg ikkje å bruke tid saman med. Den kampen ville kosta meir enn den smakte.

Istadenfor har eg funne andre arenaer, og det gjer at eg meiner det er viktig å fokusere på taklukene. Heldigvis er det ikkje mange menn som dei i rådet. Eg trur deira avvisning handla om at dei var redde for at eg skulle øydelegge kulturen dei hadde på sine møter. Hvis eg ville ha innynda meg, kunne eg ha overbevist dei om at eg ikkje hadde noko i mot strippeklubbar. Men det har eg, og eg kunne ikkje gå på akkord med meg sjølv. Heldigvis kunne eg velje det vekk, utan at det ga store konsekvensar.

For å få innpass og bryte glasstaket, handlar det mykje om å forstå og delta i kulturen. I nokre tilfelle er det  å følgje med på fotballresultat og sjå nokre kampar. I andre samanhengar kan det vere skiturar og puddermengde. Dette er viktig for å skape eit fellesskap, utan at ein skal gå på akkord med seg sjølv. Det er viktig fordi ein må snakke godt saman i pausar, under middagen osv. Å vise at ein ønskjer å vere ein del av kulturen, er ei takluke. Det dummaste ein gjer er å stille seg i ein krok og snakke med andre damer om at ein ikkje får innpass.
Dette forutsetter at miljøet og kulturen er noko du ønskjer å vere ein del av.

For nokre år tilbake var eg med i Fyrtårn-programmet til Innovasjon Norge. 26 kvinnelege eigarar og leiarar frå heile Norge hadde fleire samlingar i løpet av eitt år. Det var interessant, både positivt og negativt. Ein fare med slike kvinnesamlingar kan vere at det blir for mykje fokus på glasstak og hindringar. Eg trur at ein gjer seg sjølv ei bjørneteneste med å fokusere for mykje på det.

Til slutt to råd:
1) Ikkje snakk for mykje med dei som har negative erfaringar. Snakk med dei som har posisjonar eller som har oppnådd noko du ønskjer. Spør kva dei har gjort og korleis dei fekk det til.
2) Lær om hersketeknikkar, som kan bli brukt bevisst eller ubevisst. Det er viktig for å lære om det språket som overgår alle andre språk; kroppsspråket.

Olin J

PS. I samband med dette innlegget har eg opna ein boks med tallause eksempel på hersketeknikkar frå menn. Det dreiar seg oftast om latterleggjering av meg som "sjef", som dei seier. Boksen opnar eg sjeldan. Eg blir så sur av det, heilt til eg til slutt bestemmer meg for å legge på lokket og le høgt og lenge. Det blir for dumt, og eg vil bruke minst muleg energi på negativ historie. 

fredag 1. april 2011

Ein trist dag

Fødeavdelinga blir lagt ned på Nordfjordeid. Dei tilsette vart informert over radioen. Som arbeidsgjevar krympar eg meg over dette. Det er ein arrogant og lite respektfull måte å behandle sine tilsette på.

I samband med Bernt Høie (Høgre) sitt besøk på Nordfjordeid og fødeavdelinga, fekk eg vere med i halehenget. Eg vart imponert over den stå-på viljen dei tilsette har, trass i nedleggingsspøkelset dei har hatt hengande over seg i fleire år. Dei brenn for å gje eit godt fødetilbod. Dei er opptekne av kvinnehelse. Mange takke-helsingar i avisa understrekar at pasientane er svært godt nøgde. Med dagens vedtak er det ikkje berre fødetilbodet som fell vekk. Også det gynekologiske dagtilbodet fell vekk. Vi er mange som har vore svært nøgde med dette.

Det verkar så urimeleg at eit sjukehus, ein organisasjon, ein gjeng med topp motiverte tilsette og eit godt fagmiljø skal takast vekk.

Tilliten til helseministeren blir ikkje sterkare av at ho påstår at dei fleste i området får betydelig kortare reiseveg til Volda med den nye Kvivsvegen. Leit fram kartet og studer det, Strøm-Erichsen. Dette er ikkje riktig for dei som bur på kysten. Det blir ikkje ein millimeter kortare veg for dei. Det er ikkje første gong ho tek feil av geografien. Dersom ein ikkje har kontroll på fjordar, fjell og vegar, er avgjerande å sjekke dette før ein legg ned fødeavdelingar.

Med dei fleste andre tilbod kan vi finne alternative, private behandlingar eller undersøkjingar. Når det gjeld fødetilbod så har vi ikkje andre mulighetar. Vi kan ikkje kome tilbake neste dag når det er betre føreforhold. Vi kan ikkje hoppe over raset eller fly gjennom tåke.

Avgjerda er gjort. Det vi no må sikre oss, er at følgjetenestene og jordmortenestene blir gode. Kva regjeringa her tenkjer og set krav om ovanfor foretaka, blir interessant. Det seiest at dersom reisetida er over 1,5 time, skal det vere følgjeteneste med jordmor. Dette blir ikkje praktisert i dag. Kommunane får no ansvar for å overta jordmortenestene, er det sagt i dag. Korleis skal dei sikre god dekning av jordmødre i kommunane som no ikkje har fulle stillingar, utan at dei får overført betydelege midlar? Det er også mangel på jordmødre over heile landet. Kva plan har regjeringa på å gjere noko med det?

Høgre har sett krav om følgjeteneste ved over 1 time reiseveg. Dersom Høgre får regjeringsmakt i 2013, er det dette vi skal arbeide for. Høgre har også ei rekkje andre tiltak for å sikre ei god fødselsomsorg. Difor er eg glad over å kunne vere kvinnepolitisk ansvarleg i eit parti som tek kvinnehelse på alvor. Og som veit kor vegane går mellom fjordar og fjell.