fredag 2. desember 2011

Glad fylkespolitikar

Etter at eg vart valgt inn i fylkestinget for Sogn og Fjordane i haust, har eg vore gjennom møter i fylkesutval, hovudutval for samferdsel, Vestlandsrådet og konstituerande fylkesting. Det har vore kjekkare og meir interessant enn eg hadde forventa. Utifrå at Høgre fekk mindre makt og færre posisjonar enn ein kunne forvente med vårt valresultat, så såg eg ikkje håp om at vi kunne påverke politikken i vesentleg grad. Men der tok eg feil. Vi er så absolutt med på å setje dagsorden, om det ikkje alltid viser igjen at det er Høgre som står som forslagsstillar. Der har vi vel noko å lære av andre parti (les Ap og Sp), som er meir kyniske på dette. Men min viktigaste motivasjon for å engasjere meg politisk, er å bidra til eit ønska resultat for utvikling av samfunnet. Då er det sekundært for meg kven som får kred. Likevel må eg innsjå at om veljarane skal få vite kva vi faktisk gjer og jobbar for, så må det vise igjen utad. Gjennom media, og gjennom kva vi sjølve klarar å formidle. Utfordringa er at nokre andre parti ikkje vil stemme for andre sine forslag uansett, dei lagar eit sjølv som er veldig likt - og får det gjennom.

Forsøk på hersketeknikkar som ein fersk representant blir utsett for, er mest underhaldande. Heldigvis har eg vore ute ei vinternatt før. Høgre-gruppa har eit godt samhald og samarbeid, og eg legg vekt på å ha eit godt forhold til mine politiske motstandarar. Som eg har lært i utallige samanhengar; kva andre gjer mot oss og meg kan ein ikkje styre. Eg må berre syte for å oppføre meg sjølv på eit vis som eg kan stå inne for.

Som sagt, starten har ikkje vore avskrekkande, så eg gler meg til dei komande fire åra som fylkespolitikar.