onsdag 29. februar 2012

Ein kort februar-blogg

No er det nøyaktig 23 minutt igjen av februar. Denne ekstra-dagen som vi får kvart fjerde år, har vore ein fin dag. Vanlegvis er det viktige saker eg har skrive om her på bloggen min. Dette innlegget er heilt uviktig. Det skal berre vere ein februar-blogg, dvs posta innan no 22 minutt.

På desse 22 minutta kan eg skrive om at den siste månaden har gitt meg mange nye utfordringar. Som igjen har mint meg på følgjande; det viktigaste er å ta vare på kvardagen, og folka eg har rundt meg kvar dag.

Eg er så glad for gode kollegaer, som møter meg med smil og latter dei dagane eg kan vere på jobb. Vi jobbar oss gjennom det som kan vere vanskeleg, og tek ein kaffiskål på bakrommet. Saman har vi felles mål, og blant dei er det å skape ein god kvardag for kvarandre. Det er gull!

Så synes eg at eg bur i verdas finaste bygd. No er våren begynt, og vi har vinter på fjellet og vår ved fjorden. Det er vakkert, og vi kan svette oss oppover fjella for å få eit kick av å renne ned - spenna av skia og nyte grøne grastustar og snøklokker. Det er gull!

I kveld har eg vore på konsert med Jonas Alaska og eit stjernelag av eit band. Magiske songar og fanstastisk framføring av heile gjengen. På laurdag lo eg meg krokete av Sigrid Bonde Tusvik i Trivselshagen. Det er gull!

Kan ein ha det betre? Kanskje, men det er ikkje poenget.
"Life isn`t about waiting for the storm to pass, it`s about learning to dance in the rain.
Livet mitt er ikkje perfekt, som det vart hevda av ein intervjuar - og som det sidan har irritert meg at eg ikkje klarte å gje eit godt svar på. Eg trur ikkje at nokon har eit perfekt liv. Men vi må lære å sjå alt det vi har å setje pris på. Så enkelt, så vanskeleg og så viktig. Og enno er det 10 minutt igjen av februar. Det er heilt uviktig. For snart kjem mars.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar